Gjørva går i sitt innlegg langt i å uttrykkje at vedtaket om at verdsarvfjorden skal vere utsleppsfri frå 01.01.2026. er eit lite gjennomtenkt vedtak. Lokal cruiseturisme og inntekter til hamnevesenet må få prioritet. Om ein les dette i samanheng med COP26 som nyleg vart gjennomført i Glasgow, er det fort gjort å undrast. Det kan ikkje lenger vere tvil om at vi må kutte klimagassutsleppa våre betydeleg framover. Modige politiske vedtak som stimulerer overgangen til fossilfritt er heilt naudsynt. Vedtaket om verdsarvfjordane vil ikkje aleine berge jorda, men det har utvilsamt akselerert utviklinga vi så sårt treng.

Artikkelforfatter: Gjermund Kvernmo Langset er dagleg leiar i The North West. Foto: Privat

Men eg vil følgje Gjørva på eitt område; Det må leggast til rette for verdiskaping i Geiranger også framover. Marknadsundersøkingar viser; folk vil til Geiranger. Det er bra. Det betyr at ein tilbyr noko som er ettertrakta og som har ein verdi.

Men når har det vore god langsiktig butikk å selje den mest ettertrakta varen ein har, til flest mogleg, for lågast mogleg sum?

Det er mykje snakk om kva vi skal leve av i framtida, men eg trur ikkje svaret er hamneavgifter og nøkkelringar med troll på.

Undersøkingar om kor mykje pengar cruiseturistane legg igjen frå Transportøkonomisk Institutt for Geiranger i 2015 (TØI), viser høvesvis 369 kroner for forbruk på eiga hand og høvesvis 76 kroner i forbruk knytt til ombordkjøpte landsaktivitetar.

Høgskulen i Volda har funne at forbruket til cruiseturistar i Geirangerområdet ligg på mellom 390 og 710 kroner per person (2019). Og at det «ligger dermed noe under tall fra andre destinasjoner og fra Norge som helhet.»

Då er det legitimt å spørje seg; Er løysinga for framtidig verdiskaping i Geiranger å forsøke å trykke enno fleire skip, folk og bussar inn i den vesle bygda?

Kulturistar

Vi nordmenn er glade i å vise fram landet vårt, men vi gjer ofte ikkje så mykje meir ut av det enn å bygge ein rasteplass. Vi er ikkje gode nok til å foredle dei merkevarene og verdiane vi har.

Kreativ næring sto i 2019 for 4,4 % av BNP (brutto nasjonalprodukt) i EU, dette inkluderer kulturelle og kreative industriar. I Noreg var det tilsvarande talet 3 % av fastlands-BNP. Gjer ein ei teoretisk øving og ser på kva ei auke på 1,4 % av fastlands BNP i 2019 kunne betydd for oss, er det ei auke på om lag 42 milliardar kroner i verdiskaping årleg. Dette talet er sjølvsagt ikkje direkte overførbart, men det fortel oss at her er det eit potensial vi ikkje har fått ut.

Cruiseturisme er stort sett uansett korleis ein ser på det, eit relativt dårleg opplegg for jorda. Store mengder folk skal reise langt og forbruke mykje. Eg trur ikkje løysinga for framtida i Geiranger og andre turistdestinasjonar er cruiseturistar, eg trur det er kulturistar. Folk som opplever meir, betalar meir og gir fleire arbeidsplassar. Og som også fører til mindre slitasje lokalt og mindre utslepp globalt.

Koplinga mellom reiseliv og kreativ næring må i mykje større grad løftast fram. Vi må tørre å utvikle kommersielle kulturelle produkt. Som fører til verdiskaping i distrikta og som bidrar til å forvalte og vidareutvikle kulturen og naturen folk kjem for å oppleve.

Fleire aktørar gjer allereie mykje bra på området, både i Geiranger og andre stader. Det dukkar stadig opp spanande prosjekt og initiativ. Og norsk reiselivsnæring har, etter mi oppfatning, stort sett ei framoverlent haldning om å utvikle sine produkt til å verte meir berekraftige. Men å arbeide for å oppretthalde masseturismen, i staden for å sjå dei andre moglegheitene som er der, meiner eg er uklokt.

«Det er Geiranger som er den mest kjende internasjonale merkevara for Norge som reisemål» skriv Gjørva. Då er det minste vi kan gjere å forvalte den deretter.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!