«Ålesund sentrum/Moa og tettstadane Skodje, Sjøholt, Brattvåg og Steinshamn skal utviklast som attraktive møteplassar for handel, kultur og service.» Dette sto det i intensjonsavtalen for nye Ålesund. Budsjettet for 2022 har eit punkt som heiter: Miljø, by- og stadsutvikling, men ein kan like godt stryke stadsutvikling; det er nemleg ikkje representert i budsjettet.

Møre og Romsdal fylkeskommune støttar både by- og tettstadutvikling gjennom «Byen som regional motor» (for dei tre byane) og «Tettstadprogrammet» (for tettstadane). Som Bygdebladet skreiv nyleg; her er det midlar å søke på! Ørskog kommune hadde eit pågåande tettstadarbeid for Sjøholt, støtta av «Tettstadprogrammet». Kommunen søkte om tilskot til ulike prosjekt og fikk tilsegn til ulike tiltak, m.a. sjøtrapp ved småbåthamna.

Ålesund kommune har også søkt om tilskot til ulike tiltak. Men i Byen som regional motor. Dette er tiltak berre for byen Ålesund og kommunen er forplikta å yte eigeninnsats 50/50.

I budsjettmøtet i fjor (2020) stilte Ørskog Kommunedelsutval spørsmål:

• Korleis følgjer Ålesund Kommune opp tettstadprogrammet for Sjøholt og ev dei andre tettstadane i kommunen?

Og:

• Kan Ålesund Kommune søkje og forplikte seg til ny eigeninnsats dersom dei ikkje kan ta seg råd til å følge opp prosjekt det allereie er gitt tilsegn til (som sjøtrappa her)?

Til dette svarte Anne Mette Liavåg (Stabssjef for strategi, samfunn og næringsutvikling):

«Gjennomføring av disse prosjekta blir fulgt opp av kommunalområde miljø, by og stadutvikling- virksomhet for veg og grønt. Dei prosjekta som vi allerede er forplikta til å gjennomføre i dei tilsegna som vi har fått gjennom tettstadprogrammet og klimasatsmidlar; dei blir prioritert. Det blei bekrefta frå virksomheten i dag.»

Fasiten eit år etter er at ingenting har skjedd!

No ser vi i budsjett for 2022 under Kommunedirektøren sine stabar at Byen som regional motor, altså tiltak i byen, er foreslått skal få over 20 millionar. Og på Miljø, by- og stadutvikling: 15 millionar til Byen som regional motor – prosjekt Kiperviktorget.

Ordførar Eva Vinje Aurdal har sagt «Vi har ambisjonar for heile kommunen»; men kvar er Tettstadprogram-prosjekta?

I budsjettmøtet i år (2021) gjentok Ørskog Kommunedelsutval spørsmåla.

Ålesund kommune svarte: Det har ikkje vore løyvd midlar til bygging av fleirbrukstrappa (...). Eventuelle midlar til gjennomføring er lagt inn som «ønska investering» til «Uterom indre» under Miljø, by- og stadutvikling. Dette er imidlertid ikkje midlar det er funne rom for i framlegget til budsjett for 2022.»

Løyvd tilskot er gyldig i 3 år frå løyvinga er gitt. No må sjøtrappa på Sjøholt, realiserast snarast så ikkje tilsegnet fell bort. Om ein ikkje finn «rom i budsjettet», så burde ein kunne dele og ta f.eks. 600.000,- frå løyvinga til Kiperviktorget for å gjennomføre trappa.

No må politikarane stå opp for å få ting til å skje også i tettstadane i kommunen!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!