Gjennom ei årrekke har dette problemet og denne flaskehalsen på E39/E136 prega bygda. Like lenge har arbeidet med å få gjennomgangstrafikken vekk frå bygda vore ei stendig aukande utfordring for oss alle.

Siste utspela frå m.a. Statens vegvesen er skremmande – vi skal starte med blanke ark nok ein gong. Vi finn ikkje mange bygder og byar der ein veg skal svelgje unna trafikken på to Europavegar! Slik har vi det på Sjøholt!

Eg er innforstått med at ein ved dei fleste nye vegprosjekt kan støyte på utfordringar – det kan gjelde naturinngrep, anna busetnad, høge kostnader m.m. Ein omkøyringsveg der E39/E136 unngår Sjøholt sentrum burde for lengst vore planlagt, vedteken og bygd. Men åra har gått, trafikken har auka og inga løysing er funnen.

Mange instansar – administrative og politiske saman med kvar enkelt av oss som er innbyggjarar i denne regionen, må ta sin del av ansvaret for null framdrift. Dessverre – sjølv på Sjøholt – finn vi dei som har vore negative eller passive i høve arbeidet med ein ny veg.

Vi kan stille mange sentrale personar og instansar nærgåande spørsmål. Kva har du/dokke gjort for å få denne viktige vegsaka løyst? Vi kan la spørsmålet gå direkte til: Ordførarar i tidlegare Ørskog saman med sine kommunestyre, noverande ordførar i Ålesund saman med sitt store mannskap i kommunestyret (77) og alle andre relevante politiske organ i kommunen.

Vi stiller spørsmålet til dei mange fylkespolitikarane særleg frå Sunnmøre gjennom tiår attende. Kva har Statens vegvesen styrt med alle desse åra – plan etter plan som har hamna i arkivet – vi skal no som før presisert attende til start!

Det siste utspelet frå SV om å skrote planane for Breivika – Ørskogfjellet for så å satse på Ørskogfjellet – Molde, viser nok ein gong at viljen til å få gjennomført noko fornuftig for å løyse utfordringane gjennom Sjøholt ikkje er til stades. Harde men slik eg ser det – rette påstandar. Ei mobilisering frå grasrota i Ørskog saman med m.a. alle gjennomgangs-trafikantar må til.

Som innbyggjarar kan vi ikkje lenger akseptere at våre rettmessige ønskje og krav berre vert avviste og nedprioriterte. Utan eit massivt press frå oss, er eg redd for at dagens trafikk gjennom bygda vil halde fram med stendig aukande tal køyretøy som i dag må nytte denne flaskehalsen for å kome frå aust mot vest og omvendt i høve Sunnmøre. La vi legge til sides indre usemje og stå samla på for ei tryggare, reinare og framtidsretta bygd. Utfordringa går til deg og alle instansar med innverknad i denne viktige saka!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!