Det passar godt dette refrenget til Jan Eggum. Det er verkeleg på'an igjen. Smittetrykket aukar, metersregelen er på plass igjen og sjukehusa fyllast opp. Brått gjekk det opp for mange at pandemien langt ifrå var over. Media er igjen overfylt av informasjon om smitteutbrot, smittekjelder og corona-overskrifter. Og vi alle sit å lurer på når det er vår tur.

Skulane skal til med massetesting av elevar, noko som i og for seg er kjempebra for å få avdekt den skjulte smitta i samfunnet. Spørsmålet mitt er berre; kvifor ikkje køyre jamne kontrollar på resten av barneskulen også? Det er ikkje til å stikke under ein stol at hovudtyngda av positive tilfelle i kommunen vår (og fleire med oss) er skuleelevar frå 1.–7. klasse. Dei får ikkje tilbod om vaksine og det er også forventa at dei skal møte på skulen som vanleg.

Når koronaen først er kommen i hus er den store skilnaden frå tidlegare, at dei andre i husstanden ikkje treng å sitte i karantene, men står fritt til å leve som normalt. Born kan ikkje låsast inn på eit rom og få beskjed om å sitte der til dei er smittefrie. Dei må ha omsorg, mat og nærleik – covid eller ikkje covid. Kanskje opplev nokon det som ekstra skummelt nett fordi det har høyrt så mykje om det, og treng av den grunn meir trygging, omsorg og nærleik.

Men berre ta det med ro folkens, det er ikkje noko samfunnsøkonomisk problem at borna må vere heime, for etter at eg som mor har hatt 6-åringen min på fanget og lest natta historie saman med han i senga, kan eg gå på jobb som vanleg morgonen etter. Eg må berre stikke pinnen opp i nasa og håpe på at testpinnen viser berre éin strek, så er det i boks. Kortsiktig høyrest det flott ut, men kva skjer når det så går eitt par-tre dagar og veslebroren som har vore i barnehagen heile veka er smitta? Så får storesøstera som har vore å farta rundt på skule, fritidsaktivitetar og moa med vener det påvist? Jo, då rammar det plutseleg nye familiar og slik held ballen fram med å rulle....... Og då er det kanskje ikkje så samfunnsøkonomisk likevel?

Kristiansund kommune innførte for nokre veker sidan eigne tiltak gjeldande for kommunen. Dersom ein i husstanden har fått påvist korona må alle vere i karantene i sju dagar. Eg applaudera denne kommunen som faktisk tør å bruke litt sunn fornuft, og ikkje berre heng seg på retningslinjene til FHI. Ein kan sei at det ikkje er så farleg for born å få corona, men vi veit altfor lite om etterverknadane av denne sjukdomen. Men det vi veit er at der kan oppstå alvorlege komplikasjonar i etterkant av sjukdomen også hjå born.

Eg ønsker ikkje at borna mine skal bli smitta. Eg ønsker heller ikkje at eg som lærar dreg med meg smitte verken frå jobb eller til jobb. Borna våre er det mest verdifulle vi har og eg vil ikkje delta i ein «Russisk rulett» med verken borna mine eller elevane mine. Det opplevast som utrygt og uforsvarleg at ein skal kunne gå på jobb/skule/barnehage medan ein har smitte i heimen. Ein går rundt som ei «tikkande bombe» og folk er skeptiske og held avstand av redsel for å bli smitta.

Kjære Ålesund kommune (ikkje julenissen i år). Eg kjem med ønskelista mi litt tidleg i år. Øvst på den står det tid i lag med alle våre nærmaste, som vi har fått sett altfor lite til dei siste to åra. Slik som vi held på no, er eg redd mitt høgste ønske ikkje kjem til å bli innfridd i år heller.

Solvår Våge LillestølÅlesund

Presisering: Frå dette lesarinnlegget var skrive til det vart publisert har Ålesund og Sula endra sine reglar gjennom forskrift, slik at den karanteneplikta som er etterlyst her, no er innført.

Red.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!