Med sjokk og vantru las uføretrygda at dei som arbeider litt, eller har verv i kommune, fylke eller stat i tillegg til å vere uføretrygda no skal skattleggast ytterlegare ved å vere uføretrygda.

Dei aller fleste uføretrygda er det mot sin vilje. Nokre har fått alvorlege sjukdomar atter andre har vore ute for alvorlege ulukker og skader etter fleire år i arbeidslivet. Dei som har arbeidd i kanskje 25–30 år har pga. uførheita mista opp mot 10 million kroner i inntekt før dei når pensjonistalderen, noko som reduserer alderspensjonen kraftig når den tid kjem. Det er grunnlaget du har ved 67 år som gir deg pensjonen din.

Mange har difor tatt på seg verv i kommune, fylke eller stat for å pynte bitte litt på inntekta. Som uføretrygda får ein då gjere ein god innsats for menneska rundt seg, få vere med der det skjer, og ikkje kasta heilt vekk dei verdfulle kunnskapane ein sit på. Dei få kronene ein får for dette gjer at ein kjenner at ein betyr noko for samfunnet. Lat det framleis vere slik.

No vil Ap, Sp og SV ta vekk desse goda, det må IKKJE skje. Etter å ha tapt fleire millionar kroner i grunnlag for pensjonsutbetalingane pga. uførheita skal ein få tilleggsstraff ved å skatte av dei få kronene ein no tener skattefritt årleg, dei fleste når ikkje opp til frigrensa på 42.559,60 som er 0,4G. Men det gjer at folk blir tilfredse, dei som i årevis har betalt skatt og jobba hardt i arbeidslivet og fått eit ublidt møte med sjukdom, voldsomme traume, skader og som har fått knust livsdraumane sine. No skal desse vere med å betale skatt for det lisje dei klarer å arbeide og gjere nytte for seg. Ingen av desse kan jobbe meir enn dei alt har gjort, det er ei myte.

Dei sosialistiske partia tek verdigheita vekk frå dei uføretrygda som har hatt ei glede ved å kunne vere bitte litt til nytte, få møte menneske og sosiale møtepunkt ifm arbeidet sitt. Alle uføretrygda som i dag sit i slike styre og verv må snarast trekke seg ut av verva og kan ikkje lenger sitte der for så å få enda meir redusert alderspensjon enn kva dei alt har fått der dei sit med 66 % av den løna dei hadde. Då misser ein samkvem med andre menneske og blir endå meir isolert og deprimert.

Aller verst er det for dei som bur åleine og er utan familie, eller har familiane langt unna. Alle uføretrygda har høge utgifter til lege og fysioterapi, – no vil den sosialistiske regjeringa at den også skal aukast, det må ikkje skje. Det var ei glede for 1 år sidan då Høgre-regjeringa fekk slått saman ei felles ordning for lege og fysio og frikortgrensa vart dermed redusert. No vil den sosialistiske regjeringa auke også den grensa i tillegg til skattlegging av frigrensa.

Uføre med 66 prosent av løna si betaler nøyaktig dei same avgiftene som dei som tener millionbeløp.

Denne saka gjeld tusenvis av menneske med ulike årsaker til at dei er uføre. Framlegget frå dei sosialistiske partia viser at dei ikkje evner å sjå korleis det er å vere mellom dei fattige i landet. Det er totalt uhøyrt at dei sosialistiske partia skal ta frå dei svakaste i samfunnet den bitte lisje gleda ein har fått frå Staten, dette er totalt fråvær av solidaritet. Gløym elbilar og det grøne skiftet – uføretrygda må klare seg med sine gamle dieselbilar.

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!