Det syner ei fersk undersøking som Respons har utført etter oppdrag frå Vinmonopolet og organisasjonen Av-og-til.

I same undersøking kjem det fram at julekvelden er den dagen i året nordmenn drikk mest alkohol. Vi kallar julekvelden for barnas dag, men tradisjonelt er det og ein dag med stort alkoholkonsum. Det er eit paradoks som ofte går utover barna.

Barn merkar raskt at vaksne endrar seg når dei drikk alkohol. Dei ser, høyrast og luktar annleis enn dei plar gjere. Dei blir varme i kinna og blanke i augo. Dei ler høgare og oftare. Alle som har prøvd å skjule at dei har drukke alkohol, veit at lukta avslørar dei. Mange barn synest slike endringar er uhyggelege. Det er skummelt å sjå at mamma eller pappa forandrar seg, og det er skremmande å merke at dei vaksne ikkje er like oppmerksame på barna sine ønske og behov som dei pleier.

Snakk om alkohol med barnet ditt. Still konkrete spørsmål og ta svara du får på alvor. Husk at barn aldri skal måtte ta ansvar for vaksne sitt alkoholbruk. Alle barn fortener ei god og hyggjeleg jul. Då er trygge og edruelege vaksne den bestejulegåva dei kan få.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!