Det burde seie seg sjølv at kvar einaste krone staten gir til private barnehagar, skal gå til borna, og ikkje til å gjere barnehageeigarane rikere. Likevel er denne tanken så provoserande for Private barnehagers landsforbund (PBL) at dei sist veke gjennomførte ein ulovleg aksjon, der dei bad foreldra hente borna sine lenge før stengetid. Heile denne aksjonsforma var udemokratisk.

Vi kan ikkje godta at private selskap presser og truer den politiske prosessen med barna som innsats for å få viljen sin. SV si klare oppfordring til PBL er å ta opp saka si på lovleg vis slik som alle andre må. PBL sette med andre ord i gong ein ulovleg aksjon forrige veke ved å stenge barnehagen tidleg, og be foreldra hente borna. PBL skubba borna framfor seg i ein ulovleg aksjon.

Årsaka til PBL si misnøye er at regjeringa har føreslått å kutte i utbetalinga av pensjon til barnehagane. Etter som det ikkje finst oversikt over kva barnehagane faktisk treng til pensjonsutbetaling, blir det ofte igjen store summar, og disse pengane gjer det mogleg å ta ut profitt i dei kommersielle barnehagane. Fordi dei store barnehagekjedene får mykje meir pengar enn dei i realiteten gir ut i pensjon, blir det desto meir til de få på toppen.

Vi skal ikkje bruke ein kalori på å verne ei ordning som gir kommersielle barnehagekonsern høve til å ta ut profitt frå offentlege tilskott. Tvert imot vil vi forby profitt i velferda, og sikre mangfald av barnehagar mot den store kommersialiseringa og konsolideringa til store konsern vi har sett under Erna Solbergs regjeringstid.

SV meiner at dei tilsette i barnehagane skal ha pensjonsordninga på linje med andre, men offentlege midlar skal gå til formålet dei er meint for og ikkje privat avkastning slik det er mogleg at kan gjerast i dag. Regjeringa foreslår eit generelt kutt i pensjonstilskott til private barnehagar. SV foreslår ei betre ordning med eit tilskott som dekker dei faktiske pensjonskostnadene i barnehagane.

Poenget er at vi må rigge systemet slik at det ikkje kan takast ut privat forteneste på midlar som er gitt til å dekke pensjonskostnader i barnehagane. Kvar einaste krone staten gir til private barnehagar skal gå til å lage eit godt tilbod til borna og ikkje til å gjere barnehageeigarar rikare.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!