Mange lurer på kvar grensene går, og det finst ikkje noko enkelt svar på dette. Men ytringsfridomen går nok lenger enn mange trur, også på jobb.

Særleg når det er omstillingar, nedskjeringar eller fagleg usemje på arbeidsplassen, er det mange tilsette som kjenner at det verkar i fingrane etter å ty til tastaturet og meine noko offentleg. Enten for å lufte frustrasjon, setje offentleg søkelys på ei sak eller bidra til ein diskusjon.

Den naturlege responsen frå arbeidsgivar kan vere at dette er noko uønskt. At det bidreg til støy og at det er negativt for verksemda om usemja kjem fram i dagen. Og fleire gongar har vi sett at tilsette blir bedne om å fjerne uttalar i sosiale media eller trua med konsekvensar for å ha meint noko i avisa. Nokre gongar kan det vere gode grunnar til å setje ned foten, men jamt over er det ein fordel om arbeidsgivarar har låge skuldrer og høg terskel for å reagere på offentlege ytringar frå tilsette.

Dette vil særleg gjelde når kritikken er sakleg, og kjem frå tilsette «på golvet» langt unna der avgjerdene blir tekne. Spesielt i offentleg sektor, der tilsette også har sin lojalitet til skattebetalarane, er det viktig med ein opplyst debatt der flest mogleg stemmer bidreg. Annleis vil det vere dersom kritikken frå ein tilsett går over i personangrep, er klart usakleg eller unødvendig skadar arbeidsgivar. Då vil det ofte vere rett å reagere.

Vi oppmodar til at både leiarar og tilsette har eit bevisst og gjennomtenkt forhold til grensene mellom lojalitet og ytringsfridom. Er du usikker på om ei offentleg ytring er innanfor eller om den kryssar ei grense, kan det vere lurt å rådføre seg med ein advokat eller andre med kompetanse på arbeidsrett.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!