Styresmaktene minner oss om behovet for beredskapslager også heime. Dei snakkar om varme kle og dopapir, jodtablettar og batteri, tørrvarer – og vatn.

Og vi i Ålesund kommune spør også innbyggarane våre om dei har ni liter vatn liggande? Og då gjeld det ni liter per person i husstanden. Det er det som trengst til drikkevatn og matlaging i tre døgn. Du og familien din må kunne greie deg sjølv i minst tre døgn, seier Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Du treng tre liter vatn per person i døgnet. For tre døgn blir det ni liter. Og er de ein familie på fire, så betyr det 36 liter. Det vatn som berre dekker behov for drikke og matlaging. Det betyr at du ikkje har vatn til noko anna enn mat og drikke. Dersom noko skulle skje.

Og noko kan skje. Spesielt i Ålesund.

Ekstremt sårbare

Med berre eit anlegg for vassbehandling er vi sårbare. 50.000 menneske i ytre Ålesund og Sula er avhengig av at anlegget vi har ved Brusdalsvatnet i dag verkar kvar einaste dag, kvar einaste time.

Det blir ekstra ille fordi vi har berre ei drikkevasskjelde til desse 50.000 menneska. Heldigvis er Brusdalsvatnet både stort og godt som drikkevasskjelde, men vi kjem ikkje unna at vi har berre ei kjelde og eit anlegg som kan behandle vatnet frå denne kjelda.

Må ha backup

Det er ikkje berre vi som er redde for risikoen ved eit så sårbart system. Det er også Mattilsynet. Ålesund kommune har difor fått pålegg om å sørge for ein backup, ei reservevassforsyning, som sikrar innbyggarane reint vatn for ein lengre periode om anlegget vi har i dag skulle svikte.

Fordi vi har fått pålegget og fordi vi vil sikre at innbyggarane våre har stabil og trygg tilgang til reint vatn, er vi i gang med å planlegge eit nytt anlegg for vassbehandling; eit anlegg med både pumpestasjon og hus for vassbehandling og kontor. I tillegg følgjer det med gang- og sykkelveg, fortau og eit grøntområde til bruk for naboar og innbyggarar. Det siste er krav frå planstyresmaktene for å få etablert anlegget.

Brusdalsvegen og Bregnevegen

Plasseringa må vere nær vasskjelda; Brusdalsvatnet. Dei siste åra har vi greidd ut tre ulike stader for anlegget; Fremmerholen, inne i Holsfjellet og på Rødset. Etter å ha fått lagt fram fordelar og ulemper ved alle dei tre plasseringane, enda Ålesund kommunestyre på Fremmerholen og at ein skulle kjøpe Brusdalsvegen 208, for å bygge anlegget der.

Forslaget no er at råvasspumpestasjonen skal ligg i vestre ende av Brusdalsvatnet på nordsida mot Bregnevegen og Rødsetvegen. Vi har sett på fem ulike plasseringar og vurdert dei opp mot kvarandre. Det har vore ei konsekvensutgreiing i tråd med handbok frå Miljødirektoratet der ein har sett på konsekvensane by- og bygdeliv, friluftsliv, naturmangfald og Brusdalsvatnet, økonomi og tekniske forhold, og kome til at Bregnevegen ville vere det beste. Tomta ligg for seg sjølv i utkanten av eit grøntområde. Det er naboar ganske nær på begge sider og næringsareal mot nord, men bygget skal plasserast lågt i terrenget for å påverke nabolaget minst mogleg.

Godt område for rekreasjon

Pumpestasjonen vil naturleg nok ta noko av arealet i området. Fordi drikkevatn er så viktig for innbyggarane, har vi også fått råd om å sikre både vassbehandlingsanlegget og pumpestasjonen med gjerde. Hus og eventuelt gjerde vil sjølvsagt påverke den frie ferdselen som har vore i området før, men vi vil bøte på dette ved å legge om turstien og oppgradere turområdet.

Området ved vassbehandlingsanlegget vil difor framleis bli eit godt området for turgåing og rekreasjon i naturen.

Vassbehandlingsanlegget er luktfritt og støyfritt. Vassbehandling avgir ikkje noko lukt og huset med systema for vassbehandling vert bygd slik at ein hindrar at lyden frå anlegget slepp ut. Slik jobbar ein også med pumpestasjonen. Alle pumpene blir plassert i kjellaren under bakkenivå. Dører og vindauge skal vere lydisolerande og det blir brukt lydfeller og frittståande vegger på utsida av betongveggane, for å sikre at ein held seg innanfor krava til lydnivå frå slike bygg.

Området er idyllisk og vi legg vekt på å bygge eit anlegg som heller ikkje lagar støy når det gjeld det visuelle. Det er viktig at det ikkje skil seg negativt ut i nabolaget verken med utforming eller høgder. Anlegget skal ha ei levetid på minst 50 år og skal ha arkitektur og kvalitetar som toler tidas tann.

Kva skjer no?

Innbyggarane i Ålesund treng å ha sikker tilgang på reint vatn og Mattilsynet har varsla tiltak som dagbøter om ikkje vi set ein dato for byggestart, så kva skjer no?

Forprosjektet for vassbehandlingsanlegget skal opp i kommunestyret 09. desember. Enkelt sagt så ser forprosjektet på område som system og teknologi, om det er praktisk mogleg å bygge anlegget og så vidare.

Reguleringsplanen råvasspumpestasjonen skal opp i planutvalet i desember. I arbeidet med reguleringsplanen er det også gjennomført ei konsekvensutgreiing der ein har sett på konsekvensar for naturmangfald, friluftsliv, by- og bygdeliv og landskap. Planutvalet er også dei som bestemmer om planen er klar til å leggast ut på offentleg høyring.

Når reguleringsplanen vert lagt ut til offentleg høyring, har vi planar om folkemøte. Slik kan vi gi innbyggarane god informasjon om prosjektet og også gi sjansen til å stille spørsmål direkte til dei som har utarbeidd planane. Når saka kjem på offentleg høyring, kan også alle, både enkeltpersonar, lag og organisasjonar og offentlege instansar seie si meining om planane gjennom høyringsuttale som dei sender til kommunen.

Deretter vert alle innspel teke med i den vidare vurderinga og inn i ei ny sak der politikarane skal seie ja eller nei til reguleringsplanen.

Det vil tidlegast kunne skje til hausten 2022.

Er du klar for krise?

Samtidig med reguleringsplanen arbeider vi også med å gjere ferdige dei tekniske planane for anlegget. Så håper vi å kunne starte bygginga i 2023 og ha eit ferdig anlegg i løpet av 2026.

Det er det same som at det er lenge til vi har trygg tilgang til drikkevatn i Ålesund. Så vi gjentek spørsmålet: Har du ni liter vatn liggande?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!