Lesarinnlegg av Runa Klock

«Prioriter Ørskogfjellet til Digerneset!»

Statens vegvesen ønsker å dele bygginga av Møreaksen i to prosjekt der strekninga Ørskogfjellet til Molde skal prioriterast.

Ørskog: Runa Klock er leiar i kommunedelsutvalet i Ørskog.   Foto: Marius Simensen. (Arkivfoto)

Meninger

Dette vil Ørskog kommunedelsutval (KDU) gå sterkt imot og vi forventar no at Ålesund kommune engasjere seg for å stoppe ei slik deling eller om det blir deling; å prioritere strekninga i Ålesund kommune frå Ørskogfjellet til Digerneset.

I Sunnmørsposten 15/11-21 kan ein lese at Kristin Sørheim går inn for å seie ja til løsninga vegvesenet no presenterer og «at det nye krabbefeltet på sørsida av Ørskogfjellet vil avhjelpe situasjonen i perioden fram til at en kan begynne bygge ny veg.»

Enorm trafikk

Store deler av Ørskog sine innbyggjarar lid under den enorme trafikken som dundrar gjennom bygda vår og som aukar dag for dag. Krabbefeltet er inga hjelp for oss som bur her.

Ein kan også lese at «Ålesund-ordfører Eva Vinje Aurdal erkjenner at uenigheten om trasevalg ved Valle og Solnørdalen er så stor at Møreaksen må deles i to prosjekt.» Ordføraren seier at «Nå er situasjonen at de ulike kommunedelsutvalgene ikke er enige om hvilke traseer en bør velge. (...) Vi kan ikke sette hele prosjektet på vent på grunn av dette. Men vi må følge dette nøye videre for å sikre oss at vi kommer med i prioriteringene».

Kort frist

Kommunedelsutvala fikk svært kort frist på å komme med ein uttale, og det var heller ikkje lagt opp til at vi skulle arbeide saman med og bli einige med dei andre utvala om traséval. Å bruke våre innspel som grunngjeving for å akseptere ei nedprioritering av vidare planlegging her, er svært skuffande og urimelig. Kommunedelsutvalet forventar også at ordføraren først og fremst er oppteken av å prioritere vegløysingane i eigen kommune som ho har ansvaret for.

Vi vil minne om at det i intensjonsavtalen står at «Desse sambanda skal prioriterast:

.• E39/136 skal gå utanom Sjøholt sentrum.

• Møreaksen strekninga frå Vik i Vestnes til Ålesund sentrum.»

Ørskog kommunedelsutval er samd i at dette sambandet MÅ prioriterast:

Stor belastning

E39/E136 er ei stor belastning for innbyggjarane i gamle Ørskog kommune. Det er svært mykje trafikk, døgnet rundt, og andelen tungtrafikk er høg. Det same er farta på dei som kjører gjennom bygda. Vegen er svært dårleg løyst estetisk og innbyr til fart, den utgjer ei barriere og deler Sjøholt i to. Det er berre ein stad å krysse E39/136 for mjuke trafikantar i sentrum; undergangen, og den er ikkje universelt utforma. Etablering av m.a. rådhus treningssenteret barnehage, bibliotek og busstasjon (mm) på sydsida av E39/136 har ført til at «tyngdepunktet» i sentrum er flytta. Dei fleste bur på nordsida av E39. Dette medfører svært mange kryssingar av vegen kvar dag og stor interntrafikk pga. mangelfulle og utrygge alternativ for gåande og syklande. Plage frå støy og støv er stor langs heile strekket. Utan ny trasé stoppar det same Statens vegvesen også godkjenning av reguleringsplanen for Sjøholt, og dermed utvikling av tettstaden. Ueinigheiter om traséval vidare er uavhengig av denne strekka.

Dette er ikkje noko vi kan leve med og Ørskog KDU forventar no at Ålesund kommune og ordføraren jobbar for å få fortgang i arbeidet og prioritere å finne dei gode løysingane for traséval i eiga kommune.