Det ville vere greitt dersom du var komen dit du trudde. Men det viser seg at stadig fleire, offentlege og private, har lagt seg til den «unoten» å lage eit fellesnummer for alle innan den same etaten/verksemda.

Eg veit ikkje kva tankar som ligg bak dette. Men eg lurer på om det rett og slett er for å sleppe bryderiet med kundar som treng å vite noko.

Nr. 350 i køen

Den som var først ute, slik eg minnest, var skatteetaten. Dei la ned stort sett det som var av likningskontor, og oppretta eit telefonnummer i Trondheim, dit du kunne ringe med spørsmål.

Det var berre ein stor hake med det: Der var det så lange køar, at ein måtte vere heiltidssysselsett telefonringar for å få svar.

Då eg sjølv gjekk frå å vere lønsmottakar til å verte pensjonist, hadde eg behov for å få ordna med nytt skattekort.

Så ringde eg dette nummeret, og vart møtt med att «du er nummer 350 i køen». Vel, etter å ha sitte i køen ca. 25 min hadde eg rykt fram to plassar.

Fåfengt

Då skjønar vel dei aller fleste at det heile er fåfengt. Men politikarane som i si tid velsigna ordninga, verkar ikkje å skjøne kor ubrukeleg den er, og eg veit sanneleg ikkje om nokon har fortalt dei det. Det å gjere vedtak utan å sjå verknadane av dei, er diverre ikkje eit eineståande tilfelle.

Det siste i mitt tilfelle var at eg skulle fått tak i eit prøvekjennemerke, for å flytte ei vogn frå Romsdalen til Sunnmøre. Eg var inne på sida til Vegvesenet, og fekk for så vidt ein klar beskriving av korleis ei skulle gå fram.

Men det var ein hake.

Du måtte bestille time. Vel eg trudde eg hadde funne nummeret til SVV i Molde, og ringde dit. Men trur du eg kom att i Molde? Nei eg kom att på ein plass der eg var nummer 30 i køen.

Berre for å frustrere

Leita så opp SVV i Ålesund, og såg at dei hadde same nummeret. Då let eg vere å ringe dit.

Det er vår tids pestilens dette, at det nesten skal vere uråd å få snakke med den du har trong for å treffe. Men derimot ein person som gjerne meiner å vite betre enn dei som jobbar der, og som du gjerne skulle hatt kontakt.

Dette er berre til for å skape frustrasjon, og at tenestene ikkje er til for trengande brukarar, utan at eg skjønar kven det måtte vere dei ønskjer å ha kontakt med.

Dette er i alle fall håplaust når du treng hjelp.

Rolf NerhusFjørå

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no