Grethe Vikane, avdelingsdirektør Statens vegvesen skriv om Norconsult sin rapport om kryssing av Romsdalsfjorden at Møreaksen kjem best ut. Ho gløymer at Vegvesenet har eit større samfunnsansvar enn eit konsulentfirma.

Ho gløymer at å lede ein Europaveg tvers gjennom Molde er stikk i strid med norsk vegpolitikk fordi støy, støv og naturøydelegging skal ein unngå om det er mogleg.

Om det er så viktig å føre vegen gjennom Molde korfor ikkje bygge tunnel frå Lergrovika/Årø til Julneset? Vegvesenet svara aldri ut dette viktige spørsmålet. I staden har dei hemmelege møta med dei i Molde kommune som tapte avstemminga om vegval mellom Bolsønes og Lergrovika i kommunestyret.

Bu- og rekreasjonsområde

Men Vegvesenet skriv: «E39 Bolsønes-Årø er ikkje prioritert i Nasjonal transportplan (NTP) 2022–2033. Statens vegvesen har derfor meldt delvis avbrot av reguleringsplanarbeidet på E39 Bolsønes-Kviltorp».

Kanskje det skal vere el-ferje mellom Bolsønes og Årø?

Eg spør fordi Staten skal presse ein Europaveg gjennom eit bu og rekreasjonsområde fordi Staten ikkje er villig til å betale for å legge sin eiga E 39 i tunnel. Konsekvensane for folk og skoleborna i området høyre vi ikkje eit kvekk om frå fagfolka i Vegvesenet. Endå dei har side opp og side ned med fagstoff som åtvara sterkt mot å blande tungtrafikk og lokalmiljø.

Tidlegare Ssamferdsleminister Hareide plukka denne strekninga ut av transportplanen fordi at der det trengst tunnel mot støy og støv skal det ikkje vere tunnel. Og etter mitt syn for å straffe kommunestyret som ikkje vil ha 4-felts motorveg gjennom eit bu og rekreasjonsområde.

Svarar ikkje

Vegvesenet gjer ikkje opp og skriv:

«Samtidig blir det meldt at reguleringsarbeidet på Fuglset held fram».

Vegvesenet jobba aktivt eller håpa at fleirtalsvedtaket i Molde kommunestyre om å nekte motorveg langs Fannestranda kan fjernast.

Så har dette tatt seg opp til eit meir demokratisk nivå då ein no har møte med teknisk utval i Molde kommune. Men der vil ein ikkje svare på enkle spørsmål som kva innvendingar Vegvesenet har kommen med langs traseen Bolsønes -Lergrovik dei siste åra. Dei vil ikkje komme med signal til næringslivet i området på kva bygg som skal rives.

Økonomisk realisme

På spørsmål frå meg om Fanestrandsalleen – eit kulturminne frå klippfisktida- blei det sagt at ein kunne sende opp ein kar frå Vegvesenet i Oslo som hadde greie på allear!

Vegvesenet foreslår at vi skal bygge to vegar over Ørskogfjellet! Det er no etter mange år løyvd pengar til krabbefelt opp der og opp Romsdalen. Så kjem Vegvesenet med ideen om å bygge ein veg til over fjellet via Tomrefjord og gjennom landskapsvernområde i Solnørdalen.

Vegvesenet burde som faginstans også bidra med råd til oss politikarar som er økonomisk realistiske og tar i bruk allereie bygd infrastruktur som Tresfjordbrua.

Bjørn JacobsenFylkesleiar Møre og Romsdal SV

Har du noko på hjartet? Send et innlegg til meninger@smp.no