I haust har me sett oppslag etter oppslag om skuleelevar som ikkje får læreverka sine på nynorsk til skulestart, og som i tillegg opplever at kommunane utstyrer dei med skriveprogram som ikkje stør nynorsk.

Desse problema har fleire grunnar.

Innføring av ny læreplan på same tid som me fekk ei hastverksdigitalisering i skulen i samband med koronapandemien, hjelpte ikkje akkurat på situasjonen.

Hovudproblemet er likevel kombinasjonen av statleg ansvarsfråskriving og ei opplæringslov som er utdatert.

Ansvaret for å sikra nynorskelevane eit godt tilbod, vert dytta over på små kommunar som stort sett ikkje har ressursane som er naudsynte. Taparane vert elevane, som får møta hovudmålet sitt altfor lite og dermed risikerer å verta meir utstø språkbrukarar.

Noko av det viktigaste den nye regjeringa kan gjera på skulefeltet, er å gripa fatt i dette problemet.

Det trengst midlar og stimuleringsordningar for å få på plass gode nynorskutgåver av læringsressursar og skriveprogram, det må på plass kontrollinstansar som kan passa på at nynorskelevane får det tilbodet dei har krav på, og den nye opplæringslova må verta slik at ho sikrar nynorskelevane betre vilkår i den digitale skulekvardagen.

Nynorskelevane treng at regjeringa tek slike grep, og dei treng det no!

Arild Torvund OlsenAksjonsnemnda for nynorske læremiddel

Har du noko på hjartet? Send eit lesarinnlegg til meninger@smp.no