Ser at fylkeskommunen strir om kven som skal tale ved opninga av Nordøyvegen. Det er vel slik at frekkhetens nådegave alltid har vore høgt i det politiske miljøet og admistrasjonen i det offentlige, noko som også kjem godt fram i denne saka!

Alle som var mot prosjektet skal no ta æra. Det gjeld både admistrasjonen og delar i det politiske systemet. Eg forstår at leiinga både politisk og administrativt må vere med på åpningsseremonien av prosjektet . Eg synes likevel at makta burde ha vit å heidre dei som har stått på og burde heidrast!

Sjølvsagt har folket og næringslivet på Nordøyane stått på for å få igjennom dette prosjektet, og lagt stort press på saka . Det er også enkelte politikarar som, både motvillig og villig, har støtta saka når Oddbjørn Vatne (Sp) har fremma den.

Eg synes likevel det er ein som spesielt har stått i bresjen i denne kampen i fleire 10-år, og tatt saka opp i fylket til mange sin frustrasjon, gong etter gong til det utrettelege!

Den eg for min del synest har overgått dei alle er tidlegare styreleiar i Nordøyvegen, Oddbjørn Vatne, som ordfører og med mange år i fylkestinget ! Eg håper derfor at både den politiske og administrative leiinga i fylke inviterer Oddbjørn Vatne for å vere personen som offisielt åpnar vegen.

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no