Møre og Romsdal Bondelag har nettopp sendt følgjande brev til Miljødirektoratet om oppfølging av ekstraordinær felling av jerv.

Vi viser til at Miljødirektoratet, med utgangspunkt i bestands- og skadesituasjonen, har gitt SNO i oppdrag å foreta tidleg felling av eit visst antal jerv i bestemte område, både innanfor og utanfor forvaltningsområda. Ordinær lisensfelling skal vera den normale metoden for regulering av bestanden. Men når jervebestanden, med påfølgjande skadeproblematikk, kjem i utakt med bestandsmål, slik tilfellet er i dag, meiner vi det er rett og bra at SNO får i oppdrag å foreta felling. Så vidt vi forstår er det signalisert at oppdraga vil kunne bli forlenga og at det kan vera aktuelt å foreta uttak også i nye område. Det kan vi absolutt slutta oss til. I denne samanhengen vil vi gjerne kommentera følgjande:

1) Vi håpar det blir lagt vekt på at alle oppdrag blir effektuert og at felling så langt som mogeleg vil bli gjennomført. Begrensningar i fellingsperiode på tidleg vinter må ikkje vera begrensande for felling.

2) Ut frå bestands- og skadesituasjonen må vi be om at det blir gjennomført felling også i nye/andre område, uavhengig av om det er innanfor eller utanfor forvaltningsområdet. Vi må i denne samanhengen minna om at det særleg må takast omsyn til skadesituasjon og problematikk knytt til tilkomst/tilgjengelegheit. (Topografi, snø/skredfare, ingen vegtilkomst, osv.) I så måte må vi særleg peika på behovet for felling innanfor forvaltningsområdet i Rauma og Fjord kommunar.

3) Vi håpar at erfaringane frå pågåande tidlegfelling blir godt evaluert, med mål om at forvaltninga totalt sett skal bli betre. Foreløpig har vi merka oss at erfaringane så langt bør gje grunnlag for ei vurdering av:

  • Gjennomføring av ordinær skadefelling:Når vi ser kor vanskeleg det no er å foreta tidleg felling v/SNO, framstår premissane og verkemidla for ordinær skadefelling som utilstrekkelege, særleg når vi veit at skadefelling oftast skal gjennomførast på barmark. (Kort fellingsperiode, begrensa verkemiddel.)

  • Verkemiddel for lisensjakt:I samsvar med punktet over meiner vi at også at erfaringane frå tidlegjakta så langt viser at dersom lisensjakta skal vera den ordinære metoden for regulering av bestanden må verkemidlane og premissane for lisensjakt klart bli fleire/utvida. 4) Felling av jerv midtvinters er krevjande på mange måtar. Vi håpar at økonomi/finansiering i tillegg ikkje blir eit hinder for gjennomføring ekstraordinær felling.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!