Det er Venstre sterkt undrande til. No må ungdommen få livet tilbake.

Helsedirektoratet legg «føre var»-prinsippet til grunn i sine faglege råd om smitteverntiltak. Ingen kan skulde dei for å ta lett på koronaepidemien. Det bør difor ha stort tyngde når Helsedirektoratet er så eintydige i sitt smittevern-råd for vidaregåande skule: Skulane bør IKKJE vere på raudt nivå med strenge avstandsreglar og i praksis mykje heimeskule og digital undervisning. Nei – vidaregåande skule bør umiddelbart ned på gult nivå med ein meir normal skulekvardag som hovudregel, og høve til å innføre strengare tiltak lokalt når det er nødvendig.

For fakta i saka er uomtvistelege: Det er svært låge smittetal i aldersgruppa 16–19 år. Det er lite smittespreiing i vidaregåande skule, og vaksinasjonsgraden er høg. Samtidig veit vi at dei negative sidene ved å vere borte frå ein normal skulekvardag over lang tid, for mange ungdommar er store. Ungdomsåra er ei tid du skal ha med deg heile livet – dei kjem aldri tilbake. Kvar dag med «tapt ungdomstid» utan solid fagleg grunnlag, er ein for mykje.

Både Utdanningsdirektoratet, Elevorganisasjonen og Barneombodet er difor krystallklare i si sak: Rødt nivå for vidaregåande skule ved skulestart i januar 2022 er feil – og uhaldbart. Som barneombod Inga Bejer Engh seier det: – Det må vere faglege råd, ikkje frykt, som styrer smitteverntiltaka.

Venstre meiner vi må gjere alt vi kan for at elevane også i vidaregåande kan vere på skulen så mykje som råd er, og ha ein mest mogleg normal skulekvardag. Alle faglege instansar seier det er det beste. Då er regjeringa sitt nei uforståeleg. No må ungdom over heile landet få ungdomstida tilbake.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!