Det er med undring eg les Mørenett sine nye nettleigeprisar for privatkundar som nettselskapa har avtala på bakgrunn av lovendringa som skal gjelde frå 01.07.2022. Eg har full forståing for målet om å fordele straumforbruket utover døgnet og veka. Det merkelege er at ingen har funne ein betre måte å gjere dette på. Om det som vert kalla kapasitetstrinn skriv Mørenett fylgjande: «Timen med høgst forbruk førre månad bestemmer trinnet du får». Dette betyr følgjande:

– Per har vore flink og halde straumforbruket under 5 kWh i januar. Ein kald ettermiddag gjekk det likevel «gale» når han før middag uforvarande dusja og sette på ein klesvask etter å ha sykla heim frå jobb. Resultat? 11 kWh denne eine timen meir enn doblar kostnaden på kapasitetstrinnet for heile januar! At Per har vore dyktig å fordele straumen sin i 30 dagar og 23 timar, får han ingenting igjen for. Her skal den eine timen straffast.

– Kari er åleinemor med dårleg økonomi i eit eldre hus. Ho forstår at det er brannfarleg å setje på vaskemaskina om natta, men ser at prisane er lågast då. I valet mellom tryggleik og sjansen til å betale årsavgift på fotball for minstemann er valet enkelt, det blir klesvask på natta. Ho fordeler straumforbruket sitt og får lågast sats på kapasitetstrinn. Det går vel oftast bra, og kanskje kan ho spare opp pengar til ein elbil?

Dei nye nettleigeprisane gjer at eitt enkelt feilskjer i kvardagen vert straffa knallhardt. Ein kjem ikkje heldig ut om ein i stor grad klarer å halde straumforbruket jamt. Nei, det løner seg berre om ein vakar over forbruket sitt så tett at ein unngår å gjere ein einaste feil i løpet av månaden. Dette vil medføre straumangst. For det andre vil brannfarleg straumforbruk om natta vere god økonomi for mange. Den nye ordninga er mest gunstig for alle med fleksibel jobb og kvardag, som kan ta middag og klesvask på ulike tidspunkt, ladde elbilen på natta og sette seg i boblebadet når straumprisen er låg. Dette er ikkje «Nå er det vanlege folk sin tur».

Kapasitetstrinnet bør baserast på gjennomsnittleg forbruket på tidspunkta i døgnet då straumnettet har størst belastning. Eit nøkternt forbruk over tid vil då vere lønsamt og vil avlaste straumnettet når belastninga er høgast. Mørenett sin trinnmodell kan då baserast på gjennomsnittsforbruk, og dette bør Mørenett ta initiativ til å få gjennomført som nasjonal ordning for nettselskapa.

Om regjeringa ikkje justerer ordninga vil eg foreslå fylgjande for julaftan 2022: Ingen dusj på nokon i husstanden denne dagen, og sløkk julelys og skru av panelomnar når du førebur juleribba.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!