Han synest også å sjå bortfrå problemet med å etablere lovverk basert på ideologi – framfor på eit kunnskaps- og forskingsbasert grunnlag.

Likeins overser Moxnes at seksuell orientering og kjønnsidentitet er fenomen som kan stå i konflikt, der motsette interesser og behov kolliderer. Fenomen som difor burde vere handsama i to ulike lovverk.

Eg vil igjen minne Moxnes om at den nye faglege retningslinja for behandling av kjønnsinkongruens, vart innført i Norge i 2020 til trass for uvanleg skarp kritikk frå tunge norske fagmiljø. I lovteksten er det difor nærliggande å tolke at «anerkjent helsefaglig behandling» er lik behandling i tråd med denne retningslinja. Denne legg opp til eit desentralisert behandlingstilbod utan krav om tverrfagleg utgreiing før eventuell. igangsetting av irreversibel behandling med hormon og kirurgi.

Det er nemleg kombinasjonen av denne retningslinja og lovforslaget om forbod mot konverteringsterapi, som fremmer «bekreftingsmodellen».

Vi er fleire fagfolk som ber helsemyndigheitene om å ta det med ro, og å gjere liksom Finland; dvs. å vente på meir forsking på helsemessige langtidseffektar før ein går vidare med behandling av dette lovforslaget.

Bekreftingsmodellen vil nemleg få uintenderte alvorlege helsekonsekvensar for den nye store gruppa av unge (særleg tenåringsjenter) som brått opplever kropps-/kjønnsdysfori utan tidlegare forhistorie. Mange av dei sårbare med alvorleg psykisk tilleggsproblematikk. Gjennom sosiale medier /andre kanalar er dei blitt påverka til å tru at løysinga på dysforien, er å endre kroppen via hormon og kirurgi.

Særleg tragisk er denne situasjonen når forsking viser at majoriteten av desse unge, finn seg til rette i sitt biologiske kjønn, dersom dei får gjennomleve puberteten utan medisinsk behandling. (Cantor, J. 2016) (Zucker, K. 2008).

Kjønnstransisjon er ikkje det same som å stille spørsmål ved sin seksuelle orientering. Transisjon handlar om medisinsk behandling med alvorlege konsekvensar for unge kroppar i utvikling.

I dag ser vi også ein bekymringsfull auke av unge som står fram og angrar på kjønnstransisjonen dei har gjennomgått («de-transisjonerte»). I ein nyleg publisert studie rapporterer ein stor andel av desse, at dei etter sin de-transisjon har kome ut som lesbiske, homofile eller bifile (Littman, L. 2021).

Ved ein tragisk ironi så kan altså lovforslaget resultere i at ei aukande gruppe av unge LGB personar (lesbiske, gay og bifile), endar opp som sterile og med seksuell dysfunksjon («orgasmic naive»), i tillegg til ukjent risiko for andre helsemessige langtidseffektar.

SÅ i denne samanhengen kan vi faktisk snakke om at konverteringsterapi = homoterapi; ein konsekvens, som eg vil tru, ikkje på nokon måte ville vere tilsikta.

Logisk sett burde lovforslaget fremme forbod av slik behandling når det gjeld kropps-/kjønnsdysfori.

Moxnes viser til menneskerettar og FN sin Barnekonvensjon.

Min kommentar til dette er at eg rår foreldre om å vere merksame på at lovforslaget, dersom det vert ståande uendra, kan gjere det vanskeleg for foreldre å veilede barna sine til å føle seg vel i sine kroppar. Medisinsk behandling med hormon og kirurgi, kan verte den einaste lovlege vegen ut av ein opplevd kropps-/kjønnsdysfori. Dette kan innebere risko for strafferettsleg inngriping i foreldre sin rett og plikt til å oppdra eigne barn; når det gjeld tema og spørsmål om seksualitet og om kjønn.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!