Stiftinga Viti og Kystverket melder i avisa at dei no straks vil hente ut gjenstandar frå fyrmuseet i Dalsfjorden, rive fyr-utstillinga, rydde ut lokalmuseet sine gjenstandar og bokstaveleg talt sette fyrmuseet på bar bakke.

Der er ingen museumsfagleg grunn til hastverket med å ta verneverdige gjenstandar ut av fyr-utstillinga i Dalsfjorden og plassere dei på lager.

Skjøre klenodium

Tvert imot er det sterke faglege grunnar for at gjenstandane har det best der dei står no. Gjenstandane står i lokale med tilpassa temperatur- og luftkontroll, lokale som er bygde for formålet. Skjøre klenodium, som t.d. Svinøy-linsa, bør flyttast minst mogleg, og i alle fall ikkje flyttast før ho kan flyttast til ein stad med permanent vern.

Gjenstandane står no i ei flott utstilling og fortel Kystverket si spennande historie, ei historie som er så sterkt knytt til nettopp desse bygdene. Denne historia skal forteljast vidare, også i Dalsfjorden, uansett kva utfallet av framtidig konsolidering vert.

Vi nektar ikkje for Kystverket sin rett til å disponere gjenstandar dei eig, men vil rose dei for at dei i lag med Stiftinga Sunnmøre Museum og stiftinga i Dalsfjorden, tok ansvaret for å ta vare på og formidle historia og gav gjenstandane forsvarleg vern. Det ansvaret er ikkje oppheva. Så lenge gjenstandane ikkje skal brukast og permanent plasserast i ei ny utstilling, er det fagleg uforsvarleg og dårleg forvaltning av kulturarven å flytte dei til mellombelse lagerlokale som ikkje er bygde for verneformål.

Det er også fagleg uforsvarleg å øydelegge utstillinga og sette lokalmuseet si store gjenstandssamling ut for vêr og vind, for å “levere bygget tilbake vaska og rydda”.

Politiske signal

Å prøve å få lagt ned Dalsfjord fyrmuseum, ikkje berre ved å hente nokre gjenstandar, men ved å øydelegge utstillinga og på kort varsel sette lokalmuseet sine gjenstandar ut i regn og snøslaps, er både fagleg uforsvarleg og på tvers av alle politiske signal frå ansvarlege styresmakter.

Eit samrøystes fylkeskulturutval er uroa over konsolideringsprosessen på Sunnmøre og ber på sett og vis om ein “timeout”, der ein får ei ekstern vurdering av prosessen og moglege vegar vidare for å ta vare på heile den sunnmørske kulturarven. Fylkespolitikarane oppfordrar no partane til å bidra positivt.

Stortingsmelding nr. 23 (20/21) Musea i samfunnet. Tillit, ting og tid), oppfordrar til prosessar der ein byggjer tillit over tid. Regjeringa vil no evaluere museumsreforma i høve til dei frivillige (også dei frivillige i Dalsfjorden). Byråsjef i Kulturdepartementet, Stein Sægrov, oppfordra nettopp (på ABM-konferansen på Vestnes) partane til å bidra i prosessar som startar nedanfrå og held fram gjennom samtale i same rom.

Kven skal så betale husleiga?

Viti har så langt søkt om – og fått statsmidlar til dette. Det vil dei også få i 2022, ettersom både Fyrmuseet i Dalsfjorden og dei andre lokalmusea framleis ser ut til å ligge inne i porteføljen dei søkjer om midlar til.

Skulle Viti likevel nekte å bruke statsmidlane dei har søkt om til dette formålet, vil vi be fylket om å finne midlar og saman med Volda kommune finne ei løysing.

Dei seks konsoliderte lokalmusea som står utanfor Viti, har forvaltningsansvar for – og tek vare på – ein stor og viktig del av den sunnmørske kulturarven. Med ansvar for fleire titals historiske bygg, meir enn 20 000 gjenstandar, fleire hundre tusen foto, samt autentiske historiske miljø og ein stor flokk av engasjerte frivillige bak oss, er interimsstyret for dei konsoliderte lokalmusea ein viktig del av løysinga.

Vi veit at vi uansett utfall skal samarbeide med Viti for å ta vare på den sunnmørske kulturarven og ynskjer ikkje å drive polemikk gjennom media. Men etter Viti sine utspel i media, må vi kome med eit klart signal: Fyrmuseet i Dalsfjorden forvaltar ein viktig del av både lokal, regional og nasjonal historie og kulturarv. Uansett utfall av konsolideringssaka må gjenstandane takast vare på og historia formidlast vidare. Korleis det skal skje, må partane verte samde om, og det vil ta tid og krevje tillit. Det viktigaste no er – la gjenstandane stå der dei har det best – på Fyrmuseet!

Interimsstyret for lokalmusea på Sunnmøre

Tor Sindre SteinsvikTove Aurdal HjellnesInge BjørdalKjell SkorgevikOle FurnesVebjørn Lillebø

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!