Presten Kjell Aas forsvarar rosverdig Bibelen (7.1.22), rett nok om eit uvesentleg punkt: Jesu fødestad?

Bibelen seier Betlehem, og at det skjedde under ei folketeljing under Augustus, Herodes den Store og Kvirinius. Men folketeljinga skjedde 4 – 8 år før vår tidsrekning. Herodes døyde i år 4 f.v.t., medan Kvirinius vart landshøvding i Syria (som Judea var del av) i 6 e.Kr.

Det er i denne samanhengen debattert om Det nye testamentet meinte Betlehem sør for Jerusalem, eller den mindre kjende Betlehem (Beit Lehem HaGalilit) ca. 10 km nordvest for Nasaret.

Så at både fødeåret og -staden til Jesus er debattert, kan umogeleg vera nytt for ein prest. Det er fleire argument for at Jesus ikkje kan vera fødd i Betlehem. Den eg oftast møter, er at i og med Herodes døde 4 år f.Kr. og folketeljinga var kan henda før, hadde Josef og Maria ingen grunn til å dra i "år 0", og Herodes var alt død. Men dette er enkelt å forklara om munken Dionysius, som på 500-talet skulle finna Jesu fødsel, rekna 1-2 prosent feil, så Jesus var fødd nokre år f.v.t. – tilgjeveleg i tider utan Internett eller statistiske kontor. Kvirinius?

Han hadde minst frå 12 f.Kr. svært høge stillingar i området. Det kan ha blitt mistydd av Lukas (som elles syner seg å ha rette opplysningar der dei kan kontrollerast). Det er og indikasjonar som kan tolkast som Kvirinius hadde to periodar som landshovding. Jesus var i tilfelle fødd under den fyrste.

Men det er reell debatt om fødestaden, så Kjell Aas må ikkje vera altfor sint på den syndige hjelpepresten Knut Sand Bakke. Men Bakke kan hugsa at debatten er lause teoriar og spekulasjonar, utan nokon eigentleg konklusjon.

Som "utanforståande" og ikkje-religiøs minner eg og om at punktet er ein uvesentleg detalj. Det vesentlege for kristendomen, er ikkje "Eit barn er født i Betlehem", men "Et barn er født" (Nøktern vitskap er tilnærma sikker på at Jesus har levd.)

Martin A. Engeset, Ørsta

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!