Harald Gjøsund skjenner på meg for ikkje å tru på konspirasjonsteoriar om klimaet. Han nyttar fagspråk grundig for å syna kunnskap og at eg må ta feil.

Men når ein kokar fagspråket ned til noko folk lett skjønar, seier han det same som meg: Solstrålane går inn gjennom atmosfæren, medan dei reflekterte strålane har bølgelengder som vanskelegare kjem seg ut = vert "stengde inne" på liknande måte som varmestråling i drivhus ikkje går gjennom glas. Delar av dei reflekterte strålane vert heilt enkelt absorbert av lufta, varmar den opp, og vert delvis stråla ned att. "Drivhuseffekt". (+ at snø-/isfrie område tek til seg meir varme direkte.)

Filosofar seier det er to måtar å tenka på:Metode 1: Ein har ei meining, og tek til seg berre opplysningar eller påstandar som styrkar meininga. Metode 2: Ein prøver å finna ut kva som er sant.

"Klimaskeptikarar" har gjort seg opp ei meining om at klimaendringa er bløff, eller i alle fall ikkje menneskeskapa – og gjerne med påstandar om at "bløffane" er sett i scene eller utnytta av mektige ute etter makt eller pengar. Argumenta av dei som vedgår at temperaturen stig, er gjerne:

1. Temperatur har svinga i tidlegare tider og – utan å nemna at den stig nær 100 gongar fortare enn då siste istida smelta.

2. "Sola er varmare" – utan at slikt eller samanfall med den 11-årige solsyklusen er dokumentert.

3. Det er bløff at CO₂ har isolerande effekt – eller er i alle fall sterkt overdriven.

4. Auken i CO₂ er ikkje menneskeskapa – berre utnytta av høge kjeltringar ute etter makt eller pengar.

5. Dei som er ueinige med "sanninga" til skeptikaren, er dumme, korrupte, eller undertrykte av nemnde kjeltringar.

6. IPCC – dei fremste innan klimaproblema – er dumme eller korrupte (påstanden er nytta av dei fleste klimanektarane – det må dei, for elles er kvar og ein konspirasjonsteori daudfødd).

7. Dei ramsar opp personar som har sagt noko dei likar. I kvar ei så omfattande sak som dette, vil det finnast avvikarar med avvikande meiningar. Desse utsegna framstiller ein som SANNINGA, utan å sjekka eller å nemna at tusenvis fagfolk meiner noko anna, bygd på fysiske fakta.

Lesarane får sjekka om hr. Gjøsund nyttar nokon av desse metodane for å "påvisa" at opplysningane mine er feil.

Beklagar, hr. Gjøsund, men det er berre 2 måtar å gjera eit rom varmare på: Skru opp omnen (her sola) eller etterisoler (t.d. CO₂ eller metan). Sola er stabil, CO₂ og metan har auka, og det er påvist at båe har isolasjonseffekt. Og temperaturen på Jorda har auka.

Martin A. Engeset,Ørsta

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!