Det tok heile 55 år frå den første kvinna starta gjerninga si på Stortinget, til Møre og Romsdal fekk våre første kvinnelege stortingsrepresentantar. Då det endeleg hende, så vart det to kvinner på ein gong. Dette var i 1977, ved eit stortingsval som for første gong fekk kvinnedelen på Stortinget til å nærme seg 25 prosent.

Frå husmødrer til kystpolitikarar

Mary Eide frå Molde og Aslaug Fredriksen var begge vaksne husmødrer med lang erfaring frå kommunestyreverv då dei vart valde inn. Eide representerte Arbeidarpartiet i tolv år på Stortinget og Fredriksen sat på tinget for Kristeleg Folkeparti i åtte år.

Som to representantar frå eit kystfylke fekk begge plass i sjøfarts- og fiskerikomiteen i den første perioden sin på Stortinget. Mary Eide heldt fram i denne komiteen gjennom tolv år, medan Aslaug Fredriksen også sat ein periode i sosialkomiteen. Då dei kom inn på Stortinget var kvinnerepresentasjon i politiske organ omsider rekna som både vanleg og viktig, sjølv om det framleis stod mykje att for å løfte kvinnedelen opp til mennene sitt nivå.

Grunnen til at vi på Stortinget ser nærare på dei politiske liva til Eide og Fredriksen no, er at det i år er 100 år sidan den første kvinna, Karen Platou, fekk fast stortingsplass i 1922. Vi nyttar høvet til å setje søkjelys på andre kvinnelege pionerar i norsk politikk, slik som dei første kvinnene som vart valde inn frå kvart fylke. Sjølv om vi kan ha ulike syn på den konkrete politikken som dei har stått for, er det lett å semjast om kor viktig det er at desse kvinnene brøyta veg.

Det har vore ein lang og krevjande veg mot meir likeverdig representasjon. Sjølv om Møre og Romsdal var blant dei siste fylka som valde inn kvinner på Stortinget, gjekk Eide og Fredriksen føre i sitt fylke.

Fiskeri- og distriktsforkjempar

Mary Eide kom svært tett på det fagpolitiske feltet sitt gjennom åra på Stortinget og reiste også mykje rundt for å verte kjend med lostenesta og fiskarane. Så seint som i 1977 var det framleis så pass sjeldan med kvinner på dette saksfeltet at godt vaksne Mary Eide vart kalla «fiskarjenta frå Møre» av dei mannlege kollegaene hennar i komiteen.

Ho viste eit stort engasjement for rednings- og beredskapsarbeid til sjøs, fiskeristøtta og arbeidsvilkår til sjøs. Sjølv trakk ho særleg fram arbeidet med velferdstenestene for sjøfolk. Der la ho blant anna vekt på evna til omstilling og kor viktig det var å leggje til rette for akseptable prisar så sjøfolk kunne ha telefonkontakt med familien, ho jobba for gode lytteforhold for NRK radio til sjøs og for at det skulle vera mogleg å kunne sjå NRK TV på tilsende videokassettar. Ho slo også fast at velferdstenestene måtte omfatte skip som var registrerte i Norsk internasjonalt skipsregister – «Norge som nasjon må da ha de samme forpliktelser overfor arbeidstakerne på disse skipene som på andre norske skip!»

Ønskte slutt på kvinne- og mannsyrke

Men også andre saksfelt sto sentralt i det politiske livet til Eide. Distriktspolitikk, arbeid til alle og solidaritet med enkeltmennesket – og særleg dei i vanskelege kår – var rettesnorer for henne. Ho argumenterte for at tilfredsstillande arbeid for alle var ein føresetnad for å verne om busettingsstrukturen i landet. Ein slik politikk måtte særleg ta omsyn til kva kvinner trong, sidan kvinner ofte har flytta dit menn fekk seg jobb. Ho utfordra også tradisjonelle kjønnsroller. Av omsyn til både kvinnene, arbeidsplassane og busettinga måtte ein «for alvor ta fatt på oppgaven med å få folk til å forstå at det ikke er noe arbeid som bare passer for menn, og noe som bare passer for kvinner. Det må f.eks. bli like naturlig at en jente står om bord i fiskebåten og tar utdannelse i dette yrket som at en gutt gjør det, og filethallen må ikke forbeholdes jenter.» Oljealderen var også aktuelt til stades i det politiske arbeidet hennar. Her var ho ambisiøs for vidare opptrapping av oljeleiting nord for Stad.

Ville minske skiljet mellom yrke og omsorg

Innlegga til Aslaug Fredriksen i Stortingssalen strekte seg frå fiskerispørsmål til barnevern, utviklingshjelp, hjelp til einslege forsørgjarar og til trygde- og helse- og samferdslesaker. Det var sentralt for henne å verne om familien og ekteskapet. Standpunktet hennar i likestillingsdebattane var retta mot likeverd, men med respekt for skilnader og for det ulønt omsorgsarbeidet i heimen som ofte kvinner stod for. Ho slo fast at «[ø]kt likestilling må derfor også bety at omsorg for barn eller pleietrengende eldre defineres som arbeid, slik at det blir større likhet mellom kvinners og menns rettigheter og avstanden mellom yrke og omsorg fjernes.»

Ved sida av politikken hadde Fredriksen eit langvarig engasjement i Det Norske Misjonsselskap. Ho sat også i hovudstyret for Folketrygdfondet, blant anna som nestleiar, og ho hadde ei rekkje andre verv.

Nestekjærleik og beinmjøl

Trontaledebatten i 1979 gir oss eit innblikk i fundamentet for den politiske plattforma til Fredriksen. Ho peika på at dette året kom debatten «mellom to saker som har fått oss til å vende blikket mot vår klodes menneskelige nød.» Desse to var fredsprisutdelinga – til Moder Teresa, og Flyktningaksjonen 1979. «Fredsprisvinneren har fått oss til å se at det går an å omsette kristen nestekjærlighet i tjeneste slik at de elendigste kan reddes» – mens flyktningaksjonen «vil appellere til vår nestekjærlighet og be oss gi så det kjennes, til dem som sulter, er syke og statsløse.» Sidan flyktningane først og fremst mangla mat, meinte ho, trakk ho linene vidare til at det globale forvaltaransvaret måtte vere retta mot å sørgje for gode vilkår for matproduksjon. Derfrå gjekk resonnementet til norske primærnæringar og distriktspolitikk, særleg fiskerinæringa, og ho var opptatt av at norsk fiskemjøl kunne bidra til verdens matforsyning.

Eide og Fredriksen var pionerar då dei kom til Stortinget – og gjennom solid politiske innsats vart dei sentrale aktørar i den hundreårige historia om kvinner på Stortinget. Ved stortingsvalet i haust blei det valt inn 45 prosent kvinner. Det har vore hundre år med radikal endring, og mange har del i dei djuptgripande endringane som gjer at kvinner i Noreg i dag kan ha alle politisk verv. Også i åra framover må vi diskutere korleis vi på Stortinget best kan representere heile det norske folket.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!