Året som vi har gått inn i har fått merkelappen «Frivillighetsåret». Tanken er vel at alt frivillig arbeid som blir utført i landet vårt skal løftast fram og stimulerast til vekst og visast takksemd. Den såkalla «tredje sektor» set eit sterkt og viktig preg på samfunnslivet. Svært mange brukar mykje av si fritid og nyttar av sine midlar for å halde opp dette viktige arbeidet i landet.

Så skulle vel regjeringa stå med og oppmuntre til vidare innsats? Men nei – her kjem grep som vil redusere både innsatsvilje og optimisme for ei viktig sak. Vi kan ta med to saksfelt.

Regjeringa som gjekk av nytta ei ordning for verksemder som gav av sine overskot til viktige tiltak i samfunnet, så supplerte staten beløpet med 25 %. Dette er no teke bort, og eg merka meg grunngjevinga frå regjeringskontora: Det er mest til Oslo og Bergen desse midlane går. Tenk det! Dersom regjeringa ville bry seg med å undersøka berre kva næringslivet på Sunnmøre gir til gode formål gjennom åra skulle dei finne eit langt breiare virkefelt for eit slik godt tiltak. Det kan virke som at regjeringa også her tek i bruk gjengangar-parolen «sentrum-distrikt»

Så har der vore ei ordning at personar som gir av sine midlar til diverse frivillige formål, det vere seg kultur, humanitær hjelp, bistand, misjon m.m., skal få trekkje frå eit beløp som grunnlag for skatt. Dette beløpet har Solberg-regjeringa trappa opp gjennom åra og var fram til regjeringsskifte på kr 50.000,- Men kva gjer den nye regjeringa? Dei reduserer beløpet med 50 prosent. Det er velkomsthelsinga til folk som ynskjer å nytte av sine midlar til gode formål.

Og grunngjevinga er også her oppsiktsvekkjande. Ein statssekretær kunne i Dagsnytt 18 argumentere med at det var «mest dei rike som fekk godt av dette.» Kjenner ikkje regjeringa «grunnfjellet» i landet vårt betre? Eg trur ikkje eg tek feil om eg hevdar at 50 % av dei som har hatt glede og nytte av denne ordninga er pensjonistar.

Men no vil regjeringa sette inn motgrep for at folket kan nytte sine midlar til gode formål. Litt av ei velkomsthelsing til «frivillighetsåret» og glade givarar til gode formål.

50 prosent reduksjon i skattegrunnlaget for frivillige gåver – og 50 prosent auke for fagforeiningskontingenten! Ja, ja, ein kan gjere sine tankar.

Kjell Furnes, Valderøy

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!