For oss ikkje-religiøse kan det sitta langt inne å vedgå at Vesten sin sivilisasjon, menneskesyn, ideologi og moralkodar – faktisk inkludert arbeidsmoralen (som del av kravet om ærlegdom) – forenkla sagt bygg på Jesu ord i det Nye Testamentet + dei 10 boda i det Gamle Testamentet. Og på sterke personar som kjempa for og utbreidde trua si. Pluss meir eller mindre sterke personar som misbrukte kamp for religionen som basis for eiga makt – religion og religionskamp kan vera ei sterk maktplattform.

Religion er noko fundamentalt – eit underliggande behov for menneska. Det ser ein på at alle kulturar i fortid og notid har utvikla slike. Personleg kom eg i skade for å ta for meg Koranen for betre å skjøna våre "nye landsmenn". Det gjorde at eg måtte setta meg litt inn i andre religionar og. Sluttresultat: Eg innsåg at religionar flest, kanskje alle, er oppdikta.

I og med De nemner islam: Når det gjeld den religionen er det klare prov for at det ikkje er sant at boka den bygg på, Koranen, er ord frå ein gud. T.d. ville ingen gud levera ei "heilag" bok av billigbokkvalitet og full av faktiske feil islam gjer sitt beste for å bortforklara, trass i at Koranen sjølv seier den skal lesast bokstaveleg, av di den er diktert av ein gud, og ingen kan fortelja rettare eller betre kva guden meiner, enn guden sjølv.

Mitt syn: Eg trur ikkje gudar eksisterer. Men eg er klar over at mange har bruk for noko å stø seg til, dei trur er sterkt. Det unner eg dei så gjerne, så lenge dei ikkje direkte plagar andre. Jau, å fortelja om trua si, eller litt misjonering – særleg ovanfor mindre humane religionar eller kulturar – kan gå. Men der ein stad går grensa.

Men kvar er dei sterke kristne som står opp for religionen sin i dag? I det leflete kompaniet som i dag kallar seg dei kristne, finst dei knapt. Ein er så politisk korrekt og "snill", at ein forsvinn i den moterette mengda. Ikkje ein gong "opplysningar" og påstandar som er direkte og beviseleg feil om jødedomen (t.d. at den var islam før den vart forfalska), kristendomen (at også den var islam før den vart forfalska), Jesus (det er beviseleg ikkje sant han var muslim, og ivrig slik), eller Bibelen er forfalsking av tidlege Koranar sende ned til jødiske profetar og Jesus, står ein opp mot.

Ein skal vera inkluderande og snill og ikkje stå for noko? Eller er ein ikkje sterke nok i trua? Vi "utanforståande" kan koma til å tvila på kor sterk trua bak orda dykkar er – og dermed bli meir tvilande til det de fortel. Manglande gjerning fortel meir enn ord. De har sjølv rikeleg skuld i at kristendomen er vikande.

Martin A. Engeset, Ørsta

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!