Haram ut av Ålesund (HUAÅ) har sine eigne tankar om prosessane med å byggje ein ny skule på Eidet. Revolusjon av byggjebransjen er ein utilsikta bieffekt.

I gjentatte lesarinnlegg får vi vite av Harald Nordang og HUAÅ at Eidet skule hadde stått der no, viss berre Haram hadde fått regjere. No sist i Nordre 12. januar skriv Nordang:

«Når det gjeld tvil om Eidet skule, må det vere mot betre vitande. Både den renovering og nybygg Haramsøy skule, ny barnehage i Tennfjord var alle vedtekne og fullfinansierte. Det kan folk gå inn og sjå svart på kvitt i «Investeringstiltak i Haram med beløp og ubrukte midlar» som vart sendt ÅKE i 2019.»

Er det slik? Innsyn frå dei gamle kommunane fortel ei litt anna historie. Haram brukte nemleg pengar som innbyggarane i fire andre kommunar fekk ære av å betale.

Her konsentrerer eg meg om skulen.

1. KS sak 65/19 Ny skule på Eidet - organisering og føringar for vidare arbeid med prosjektet gjorde kommunestyret i Haram 29.8. 2021 slik vedtak:

«Kommunestyret vedtar at Eidet skule blir organisert som 1-10 skule med felles rektor / verksemdsleiar og med avdelingsleiar for ungdomstrinn, mellomtrinn og barnetrinn. Kommunestyret godkjenner at føringane som er gjort greie for i saka vert lagt til grunn for vidare arbeid med prosjektet.»

I denne saka blir Eidet skule finansiert med 225 millionar kroner. Så vidt eg veit er verken områdeplan, reguleringsplanar eller noko søknad om byggjeløyve eller anbodsprosessar ferdige når Haram fattar vedtaket. Seint på året trekkjer fylke og fylkeskommune sine motsegner.

Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) tar så over ei sak som ikkje dreiar seg om ein 1-7-skule og ein 8-10-skule, men ein 1-10-skule. Dei går inn i saka og kjem ut att med ei tilråding til byggjeprogram der heile gamle Vatne ungdomsskule blir sanert. Budsjettet er no om lag 300 mill. kroner.

I ein nyleg telefon til ÅKE, får eg opplyst at dei første skissene av den nye skulen truleg vil kome i mai 2022. Eidet skule 1-10 er enno ikkje klar til bygging. Kommunestyret må gjere nytt vedtak basert på anbod.

Då må HUAÅ gjerne forklare meg og byggjebransjen korleis Haram skulle klare det på fire månadar i 2019 for 225 millionar.

Arnt-Ove Tenfjord, Eidsvik

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!