Ofte veit vi menneske ikkje kvar dei ideane som formar livet vårt, kjem frå. Kven av oss kan fortelje kven teoretikarane bak privatiseringsideologien som har forma samfunnet vårt sidan 1980-talet, var til dømes? Eg tenkjer her ikkje på konspirasjonar, men dei ideane, teoriane, tenkjemåtane og trugslane som flyt gjennom den tida vi lever i og som, dersom dei får fotfeste, formar både enkeltmenneske og samfunn.

Woke-rørsla

Sundag 9. januar skreiv lærar Anne Herre Bisgaard ein kronikk i Nrk-ytring på nett om kva ho opplever i osloskolen. Ho vert skulda for rasisme av elevane om ho snakkar om lysare tider eller kvite lygner. «I en samtale med en elev her om dagen, måtte jeg jeg avkrefte at mine forfedre hadde holdt sorte slaver, fordi jeg er hvit i huden». Som ho sjølv skriv, det er freistande å le av dette, men det er ikkje noko å le av. Desse tankane kjem frå ein stad. Naturlegvis kjem dei, som så mangt anna, frå USA. Altfor ofte kopierer vi kulturtrendar derifrå rett inn i den norske kulturen utan spørsmål eller kritikk og utan å tilpasse dei til eigen kultur og historie.

Dette er ein revolusjon ovanfrå. Frå universiteta. Frå franske postmoderne filosofar frå 1960-talet, men no først og fremst frå universiteta i USA. Woke-rørsla, som aktørane sjølv sette som namn, har mange forgreiningar, men «social justice movements» er ein slags overordna merkelapp. Eg vil påstå rørsla korkje er sosial eller handlar om rettferd. For å seie det enkelt handlar det om språk, om «dekonstruere» språket for å «avsløre» underliggande haldningar.

Teoriar

Til dømes er det «postkolonial teori» som i den verkelege verda mellom anna fører til krav om å fjerne statuar og gatenamn og «reinsing» av pensum på universiteta, for eksempel på vår eigen kunsthøgskule. «Queer-teori» påstår at kjønn er noko flytande, ikkje biologisk verkelege storleikar som mann og kvinne. Det er dette som ligg bak den eksplosive veksten av talet på tenåringar som vil «skifte» kjønn. Queer-teori er også den ideologiske bakgrunnen for vår eiga lov om juridisk kjønn frå 2016. Det er verdas mest radikale og gjev høve til at barn heilt ned til seks år kan få «skifte» kjønn berre med samtykke frå ein av foreldra.

Etter fylte seksten år kan dei ta den avgjerda sjølve. I England har ein av desse tenåringane gått til sak mot den klinikken som «behandla» henne. Ho meiner ho var for ung til å forstå kva dei medisinske intervensjonane innebar då ho var 16 år gammal. Det er også denne teorien som gjer at mange unge no ikkje vil bli omtala som han eller ho, men «dei» eller «hen».

«Kritisk raseteori» gjev seg slike underlege utslag som læraren møtte i osloskolen. Dette er ein teori som vil ha slutt på rasisme ved å sjå rasismen overalt, som forfattarane Helen Pluckrose og James Lindsey, skriv.

Har kome til Noreg

Analysar og tenkjemåtar frå woke-rørsla gjennomsyrer også litteraturvitskapen, kjønnsforskinga («gender studies») og «disability studies» og «fat studies» (jada, det eksisterer!) i USA. og gjer seg gjeldande i Noreg.

Diverre er det ikkje kome mange kritiske bøker om desse teoriane for den ålmenne marknaden i Noreg. For dei som les engelsk vil eg tilrå boka «Cynical Theories» av Pluckrose og Lindsey. Dessutan finst det, sjølvsagt, mykje på internett for denne kulturkrigen rasar no overalt. Også på nett er det mest på engelsk, som til dømes intervjuserien som amerikanske Benjamin A. Boyce har hatt over fleire år. Han har òg laga ein dokumentarserie om korleis universitetet hans, Evergreen, vart riven frå kvarandre i ein slik kulturkrig.

Utgangspunktet var kanskje godt, men no er dette ein djupt antidemokratisk og fanatisk rørsle. Sjå berre på den grove hetsen som forfattaren J.K. Rowling er utsett for. Det einaste ho har gjort var å skrive ei twittermelding der ho forsvarte ei kvinne som vart oppsagt av di ho meinte at biologiske kvinner finst (kvar er den norske forfattarforeininga i den saka, forresten?). For dette «brotsverket» vart Rowling stempla som transfob. Stemplingar som transfob, rasist, islamofob (kvifor finst ikkje kristenfob?), fascist og så bortetter, sit laust.

Folk vert skremt til tagnad og kløfta mellom folk veks og samfunnet rive i sund. Slik vil vi ikkje ha det. Skal vi ha eit godt samfunn må vi snakke med kvarandre og vere samde om den verkelege verda. Det har vore slavar i Noreg, men det var for over tusen år sidan og slavane (trellane) var kvite. Kjønnsroller varierer, men ikkje kjønn.

Sterke på venstresida

Diverre er det helst på venstresida i politikken at woke-ideane står sterkast. Norske parti frå Venstre til Raudt, bør no granske seg sjølve dersom dei ikkje vil falle ned i den brønnen som venstresida i USA og Storbritannia kavar i.

Og så bør vi gjere noko konkret i skulane og i barnehagane. Som til dømes å få aktivistar som organisasjonen Fri ut derifrå. Det gjev ikkje meining at ein aktivistorganisasjon med heilt perifere meiningar som ikkje kan provast vitskapeleg, skal ha med kjønnsinformasjon i skular og barnehagar å gjere. Vi let heller ikkje pinserørsla legge føringa på korleis livssynsundervisninga skal gå føre seg.

Kva med å styrke historieundervisninga og kritisk tenking i skulen og gje støtte til lærarar som må stri med denne suppa? Dessutan må media ta seg saman å skrive om dette som dei ville gjort med ei kvar anna journalistisk sak og ikkje falle på kne for aktivistane.

Aud Farstad, historikar

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!