Målet frå hornblåsarane er tydelegvis å redusere lyden frå sine meiningsmotstandarar med alle midlar. Det har vi sett i mange lesarinnlegg i m.a. i Sunnmørsposten. «Har Arnt-Ove Tenfjord mista gangsynet?» er ein klassikar. Eg toler det. Toler alle urøynde sjeler å bli overkøyrd av bulldosarar?

Ålesund baserer seg på kommune 3.0, dialog og samskaping. Då må folk flest tenkje sitt om kva landskap Haram ut av Ålesund, Harald Nordang og hans kamphanar vil føre oss inn att i.

Eg opplever det urettvist og på grensa til det ufine når Haram ut av Ålesund angrip Adrian Holmeset sitt aller første innlegg. I lesarinnlegget i Sunnmørsposten freistar Holmeset å omtale dei tre tidsepokane fortid, notid og framtid både realt, realistisk og reelt. Om dei i Haram ut av Ålesund i alle fall har øyra opne, kan dei både bli korrigert og kanskje late seg opplyse av fiskeskipperen frå Grytestranda.

Haram ut av Ålesund tapar etter mitt syn freden. Dei tolkar fortid, samtid og framtid ukritisk og er logisk usamanhengande utan å strekkje ut ei hand eller forsøke å kome i dialog. Svaret er Haram uansett kva som er spørsmålet. Alt anna lys skal sløkkjast, alle andre tonar overdøyvast og bulldosaren skal jamne det til.

Generasjonane som skal leve med konsekvensane av ei reversering, blir ignorert med ei fane med rosenraud fortid, ei bilete av ei panisk-kaotisk samtid og ei mørk framtid med berre ei stjerne på himmelen.

Ein allegori

I året 1957 sette guvernøren for staten Arkansas i USA inn vaktstyrkar for å hindre at ni born med svart hudfarge fekk byrje på ein offentleg skule for kvite. Washington svarte med militæret for å følgje dei på skulen.

Om denne guvernøren blei det i ettertid sagt; «Kanskje det mest positive som kan seiast om han er at han misforstod fortida, feilrekna samtida og oversåg framtida.»

No er det vi som møter dette alvorlege ordet. Til og med tvangsekteskap kan ende i kos, og auka barnetal. Partane finn ut at dei skal gjere det beste ut av situasjonen og leitar etter det positive. På Fjørtofta har dei eit uttrykk som heiter «saknamann». Dei har nok fare mildt og stilt fram.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!