Utdanningsforbundet har påpeika at det er ei dobbeltkrise når det gjeld oppvekst og utdanning i kommunane. Den eine krisa er knytt til pandemien med alle dei utfordringane denne sektoren har måtte takle i no snart to år, den andre er bemanningskrisa vi ser i skule og barnehage. Det er framleis stor mangel på den kompetansen vi treng for å gi eit tilbod i tråd med opplæringslova og barnehagelova. I tillegg vil vi no peike på ei tredje krise som rammar for fullt, den økonomiske ramma som kommunane skal finansiere dei lovpålagde oppgåvene innanfor.

Sentrale styresmakter innfører og overfører stadig nye oppgåver som kommunane skal utøve utan at midlar følgjer med. Så langt kan vi ikkje sjå at ei einaste reform er fullfinansiert frå staten si side.

Det vert vist til at staten stadig aukar dei økonomiske overføringane til kommunane, men så langt kan det sjå ut til at overføringane ikkje ein gong er nok til å tette dei hola ein allereie har i kommunal sektor.

Fagfornyinga set store krav til ny metodikk, utstyr og læremiddel for å kunne gjennomførast etter intensjonane. Undersøkingar som Utdanningsforbundet har gjort syner at kommunane ikkje har midlar til å følgje opp, m.a. er læremiddelsituasjonen kritisk i mange fag. Norm for lærartettleik i grunnskulen, pedagognorm og bemanningsnorm i barnehagen er andre område der kommunane vurderer at dei ikkje har midlar til å følgje. I 2022 vert ny barnevernsreform innført med dei kostnadene som kommunane også må rekne med.

Ålesund kommune er berre eit eksempel på at offentleg armod er eit faktum! Her ser ein seg nøydd til å skjære ikkje berre inn til beinet, men også godt inn i beinet. Tillitsvalde og leiarar går no ut og ropar varsku om at desse nedskjeringane ikkje er berekraftige. Dei innstrammingane politikarane må gjere vil stå i strid med dei målsetjingane ein har for oppvekst og utdanning. Omgrep som «forsvarlege grupper» og «tilfredsstillande bemanning» vert tøygd langt ut over det vi meiner er tilfredsstillande og forsvarleg.

Underfinansiering av offentleg sektor skaper offentleg armod. Dette er eit ansvar storting og regjering må ta ansvaret for. Utdanningsforbundet krev at nye reformer må vere fullfinansierte og at normaldrift skal finansiert fullt ut! Det er ikkje ansvarleg politikk å delegere oppgåver til kommunane utan at midlar følgjer med! Finansiering er ein svært viktig del av gjennomføring av nasjonal politikk.

Midlar tenkt nyttast til oppvekst og utdanning må ha tydeleg øyremerking slik at dei ikkje kan nyttast til andre formål, same kor gode dei er. Berre på denne måten kan vi sikre at vi kan nå måla som sett i Opplæringslova og Barnehagelova. Dette er ikkje hårete mål, men forsvarleg gjennomføring av vedteken nasjonal politikk!

Gerd Botn Brattli,fylkesleiar i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!