Straumprisane i Sør-Noreg har vore ekstremt høge i det siste. Det har mellom anna vorte forklart ved at det har vore lite vatn i magasina, og at ein til trass for det har seld store mengder kraft til utlandet — der betalingsviljen for rein, fornybar straum har vore stor. Ei anna viktig årsak ligg truleg i den energipolitikken som norsk politikk og våre viktigaste samarbeidspartnarar styrer etter. Tyskland er Noregs nest viktigaste handelspartnar, og i kraft av det er det rimeleg å anta at deira energipolitikk også påverkar norsk energipolitikk og norske straumprisar. La oss sjå nærare på dette.

Tysk energipolitikk: Kronikkforfattar Lars Jørgen Vik peikar på Tyskland i debatten om straumkrisa.. Arkivfoto.

Kolførekomstar

Då industriutviklinga tok til i Tyskland på slutten av 1800-talet, var den grunnleggande føresetnaden dei store og lett tilgjengelege kolførekomstane heilt vest i landet. Dette var også grunnlaget for at Tyskland etter kvart utvikla seg til å bli det største og viktigaste industrilandet i Europa.

Framleis vert kol til ein viss grad nytta, og i det siste har ein til og med auka produksjonen noko. Men det er meininga at kolbasert energi etter kvart skal fasast ut av bruk. Sist haust vart det danna ei ny regjering i Tyskland, og i regjerings­erklæringa står det at all bruk av kol "ideelt sett" skal vere avslutta i 2030. Då skal 80 prosent av Tysklands energiforbruk vere fornybar. Når ein i denne samanhengen brukar uttrykket "ideelt sett", er det truleg fordi ein innser at det er urealistisk, sett i lys av den generelle energisituasjonen i Europa, som slett ikkje er god.

Atomkraftverk

I 1962 vart det første atomkraftverket (AKV) i Tyskland sett i drift, og i åra etter vart ei mengd andre også bygde. På det meste var det til saman 17. I 1986 skjedde det ei alvorleg ulukke i eit sovjetisk AKV i Tsjernobyl i Sovjetunionen. Dette gav grunnlag for alvorleg uro, frykt og organisert motstand mot atomkraft både i og utanfor det politiske miljøet.

I 2011 fekk vi ei ny alvorleg ulykke i eit AKV, denne gongen i Fukushima i Japan. Det førte til at Forbundsdagen, det tyske parlamentet, med stort fleirtal lovfesta å avvikle alle atomkraftverk i landet. I åra etter har det eine AKV etter det andre vorte teke ut av drift, slik at det i 2021 berre var seks igjen. Tre av desse vart stengde for godt i desember, og dei tre siste får kroken på døra i løpet av dette året. I 2021, då det framleis var seks AKV i drift, sto desse for 14 prosent av all tysk energiproduksjon. På det meste, for tretti år sidan, utgjorde kjerneenergi nesten ein tredjedel av det samla tyske energiforbruket.

Fornybar energi

I tysk politikk er det eit sentralt mål at ein skal satse sterkare på fornybar energi, som i realiteten inneber vindkraft. I dag utgjer denne energiforma ca. halvparten av energiproduksjonen i landet. For å kompensere for bortfallet av dei ovanfor nemnde seks kraftverka, må det i løpet av det komande året byggast 1000 nye vindkraftverk. Men det finst vel knapt nokon som trur at det kan vere realistisk, for det har begynt å vekse fram ein sterk motstand mot nye vindkraftverk, og argumenta er om lag dei same som vert brukte her i landet.

Men det er grenser for i kor stor grad ein kan basere seg på vindkraft, for slik energi får ein berre når vinden bles, og det gjer han ikkje alltid. Derfor må ein i tillegg ha energikjelder som fungerer også når det er vindstilt. Til no har det vore kol-, gass- og atomkraft, men som vi har sett ovanfor vert det slutt med atomkraft i år, og med kolkraft i 2030, og då er det berre gasskraft igjen som kan gi straum når det er vindstilt – dersom ein då ser bort frå import av norsk vasskraft og atomkraft frå andre land.

Russisk gass

Halvparten av gassen som vert brent i Europa og vert til straum, kjem frå Russland gjennom røyrleidningar som går gjennom Ukraina og Polen. Av dei grunnane som er nemnde ovanfor vert det behov for å importere endå meir gass frå Russland. Derfor har det vorte lagt ei ny gassrøyrleidning, derifrå gjennom Østersjøen til Tyskland, Nord Stream 2, som vil doble den russiske eksportkapasiteten, men som enno ikkje er sett i drift.

Som straff for at Russland har innlemma Krim i Russland, støttar opprørarane i Aust-Ukraina og har store troppestyrkar ved den ukrainske grensa, meiner mange tyske politikarar at kranane på Nord Stream 2-leidninga ikkje bør opnast. Dette synet står aller sterkast i partiet "Die Grünen", som er eitt av dei tre regjeringspartia, og som har både ministeren for næringsliv og klimavern, miljøministeren og utanriksministeren. Russlands reaksjon på dette er at dei har redusert gassleveransane gjennom dei eksisterande leidningane, noko som har medverka til den sterke prisauken på gass. Det ser ut som om straffa rammar straffaren hardare enn "syndaren".

Ny dimensjon

I det siste har tysk energipolitikk fått ein ny dimensjon. EU-kommisjonen har i lengre tid arbeidt med å klassifisere dei ulike energiformene etter berekraft, og dei har lagt fram eit forslag som seinare skal vedtakast som lov av Europaparlamentet. Forslaget inneber mellom anna at gass- og atomkraft skal klassifiserast som "berekraftig", "grøn energi". Dette har skapt sterke reaksjonar i det tyske politiske miljøet, for der er dei fleste prinsipielle motstandarar av "grønvasking" av desse energiformene. Men dei har ikkje noko godt svar på kvar straumen skal kome frå når vinden ikkje bles. Derfor vil dei truleg bryte sine eigne prinsipielle standpunkt og langt inn i framtida brenne både kol og gass for å skaffe nok energi for drifta av samfunnet.

Slik ser vi at dei energipolitiske avgjerdene om å stenge dei tyske atomkraftverka, og å føre ein politikk overfor Russland som har som konsekvens at ein ikkje får kjøpt tilstrekkelege mengder gass, har skapt eit energiunderskot med følgjande sterk prisauke i den opne nordeuropeiske kraftmarknaden. Under frie marknadstilhøve er det først og fremst høvet mellom tilbod og etterspurnad som bestemmer prisen, og slik er det også på energimarknaden. Ei av årsakene til dei skyhøge straumprisane vi har hatt i Sør-Noreg i det siste, kan såleis skuldast den tyske energipolitikken.

Lars Jørgen Vik

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!