Martin A. Engeset (MAE) kjem med eit personangrep mot meg av di eg har kommentert det han skriv om drivhusteorien. Allereie frå starten av skriv han at eg skjenner for at han ikkje trur på «konspirasjonsteoriar» om klimaet. Ordet «konspirasjonsteori» er eit mykje nytta skjellsord mot folk som meg, som er skeptiske til å godta alt som kjem frå FN sitt klimapanel IPCC.

Han påstår vidare at eg «nyttar fagspråk» for å syne at eg har kunnskap og at han må ta feil. Eg veit ikkje kva for «fagspråk» han siktar til. Kan han forklare dette? Eg veit heller ikkje kor han har det frå at eg har hatt ein slik baktanke. Kan han forklare dette også?

MAE hevdar at «Filosofar seier det er to måtar å tenka på: Metode 1: Ein har ei meining, og tek til seg berre opplysningar eller påstandar som styrkar meininga. Metode 2: Ein prøver å finne ut kva som er sant.»

NRK har oppretta klimaredaksjon, og har laga reglar for korleis dei skal omhandle klimaspørsmål. Her les vi at NRK «stadfester at menneskeskapte klimaendringar er reelt, og at NRK skal legge dette til grunn i journalistikken.» Dei slår også fast at «Den rådande vitenskapen fra FNs klimapanel skal være utgangspunktet – nullpunktet – for journalistikken», samt at desse reglane «gjelder ikke berre for klimaredaksjonene, men for alle journalistene.»

NRK skal altså jobbe etter Filosofens Metode 1. Bør vi ikkje vere skeptiske?

MAE kjem med påstandar om kva «klimaskeptikarar» argumenterer med, som treng litt kommentar:

Pkt 1 om temperatursvingingar, at no stig temperaturen 100 gonger fortare enn då siste istida smelta. Kor har han dette frå?

Pkt 2 om sola sin innverknad som varmekjelde, og at endringar med solsyklusen ikkje er dokumentert. Feil. Endring i jordas temperatur med endringar i solflekksyklus og solinnstråling er grundig dokumentert.

Pkt 3, 4, 5, 6 og 7 er debatt på eit nivå som eg ikkje vil kommentere. Han lar det skinne gjennom at eg sit med meiningar som samsvarer med dette, og ber lesarane «sjekka om Gjøsund nyttar nokon av desse metodane». Beklagar, hr. Engeset. Viss du skal kome med slike skuldingar, så kan du sjølv fortelje kva for nokre av desse argumenta eg har sett fram.

I siste avsnitt skriv han igjen at «sola er stabil», antakeleg i den tyding at solinnstrålinga til jorda er konstant, noko som er feil.

Eg vil ikkje her ta fram det grunnlaget eg bygg argumentasjonen min på. Det vil føre for langt i eit lesarinnlegg, og det vil krevje bruk av «fagord». Difor skriv eg heller ein kronikk om dette, basert på dokumenterte fakta.

Harald Gjøsund

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!