Sunnmørsposten slår på nett 19.1.2022 og i papiravisa dagen etter, stort opp at Ålesund kommune bryt lovverket ved at den nasjonale lovforankra norma for lærartettleik vert broten ved tre av grunnskulane i kommunen. Vi er sterkt uroa over at kommunen, som ein av største og potensielt mest profesjonelle, skuleeigarane på vestlandet ikkje ser meir alvorleg på denne situasjonen enn det dei tilsynelatande gjer.

Kommunalsjef for oppvekst i Ålesund, Bjørn Ivar Rødal, opptrer i avisa på ein måte som uroar oss sterkt. I staden for å ta det ansvaret han som skuleeigar etter lova har, toar han sine hender og skur ansvaret for lovbrotet over på rektorane ved dei ulike skulane. Lærartettleiken i norsk skule vart innført frå skuleåret 2019-20, og er heimla i forskrift til opplæringslova §14A-1. Det heiter vidare i opplæringslova §13-10 at: «Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte, også å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast.» Tydelegare enn dette kan det ikkje seiast. Vi les ikkje Rødal sine uttaler i Sunnmørsposten som anna enn direkte ansvarsfråskriving. I ein situasjon der kommunalsjefen har alle moglegheiter til å gje sine dyktige leiarar naudsynt leiarstøtte og backup, kastar han dei i realiteten til ulvane og kjem med direkte og alvorlege skuldingar mot allereie hardt pressa rektorar.

Dette føyer seg inn i rekka av det vi oppfattar som dårleg handtert skuleeigarskap i Ålesund kommune. Norsk skule står midt i ei av dei største reformene dei siste 30 åra med innføring av nye læreplanar i alle fag og på alle trinn. Vi har også gjennom pandemien vore ansvarlege for å drive ein «skule i unntakstilstand». Kva dette har ført til av ekstraarbeid kan vi berre tenkje oss til, sidan Ålesund kommune er ei av kommunane som har valt å ikkje kompensere eller lønne sine skuleleiarar for den ekstrainnsatsen dei gjennom heile pandemien har lagt ned for å få eit hardt pressa samfunn til å fungere.

Å drive ein moderne skule er ein kompleks operasjon. Kollegiet ved skulen består ofte av ei heil rekkje ulike profesjonsutøvarar i tillegg til skuleleiarar og lærarar. Dei ulike profesjonane er essensielle i å bygge eit trygt lag rundt eleven for å sikre eleven best moglege føresetnader for fagleg og sosial læring i skulekvardagen. Det er difor ei sterk forenkling når kommunalsjefen i avisa gir rektorane klar melding om å omdisponere innanfor vedtekne rammer.

Slike omdisponeringar kan fort føre til at skulen vil bryte andre delar av lovverket. Ei hastig omdisponering av stillingar mellom profesjonane i skulen vil fort kunne gje utilsikta konsekvensar som både på kort og lang sikt vil gje vesentlege større utfordringar og kostnader for kommunen. Skuleleiarane i Ålesund tek sitt ansvar alvorleg.

Skuleeigar kan gjerne stille krav og forventingar til skuleleiarane sine, men då forventar vi også at skuleeigar gir dei den støtta og tryggleiken dei treng for å uføre dei naudsynte tiltaka. Å henge ut enkeltskular og rektorar slik kommunalsjefen gjer i Smp 19.1 har motsett effekt.

Vi forventar at Ålesund kommune tek sitt ansvar som skuleeigar på alvor og at dei, som skuleeigar, gjer alt som står i deira makt for å oppfylle dei lovmessige krava til forsvarleg skuledrift. Vi forventar at leiarane får den støtta og dei ressursane dei etter lova treng for å gjennomføre naudsynte tiltak. Til sjuande og sist er det framtida til den viktigaste ressursen i Ålesund som med dette står på spel – den grunnleggjande utdanninga til den oppveksande generasjonen.

Trond Otto Berg,Leiar i Skolelederforbundet i Møre og Romsdal