Norge i ei særstilling i bruk av elektrisk energi i hushaldningane, men ikkje i totalforbruk av energi.

Hushaldningane i Norge per person brukar ca. 7100 kWh elektrisk energi. Tyskland, Storbritannia, Danmark og EU brukar berre ca. 1500 kWh elektrisk energi. Då forstår ein at høge straumprisar i EU-landa og Storbritannia langt ifrå har same kostnader for hushaldningane i dei landa som høge prisar har i Norge.

Ein ser at dei landa brukar mykje naturgass i staden for elektrisitet i hushaldningane, og kva kostar gassen? Det blir sagt at gassprisane har blitt 5–6 gonger so høg det siste året.

Eg kontakta den tyske ambassade for å få vite kva gassprisane er i Tyskland. Eg fekk svar 01.12.2021 der dei skreiv at prisen på gass per kWh er ca. 0,06 euro. I norske kroner blir det ca. 60 øre per kWh. Ambassaden meinte det var med avgifter. Samanliknar ein dette med elprisar i store deler av Norge, blir energiprisen for hushaldningane i Tyskland billigare enn energiprisen i Norge.

Om prisane på gass har blitt 5–6 gonger så dyr siste året, var prisen for gass for eitt år sidan ca. 10 øre per kWh. Då er prisen for energi i hushaldningane langt høgare i Norge enn i dei fleste land i Europa. Dette har også verknad for industrien i Norge.

Etter den nye energilova kom i 1991 med liberalisering av straummarknaden har straumprisane blitt eit spel for kraftmeklarane, som eg vil tru tenar meir dess høgare straumprisane er.

Ivar B. Roald, Vigra

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!