Vindkraftmotstandarar har i lang tid stått opp for natur- og lokalmiljø mot sterke interesser, i den eine rettssaka etter den andre. I den storstilte utbygginga av vindparkar har ein utan tvil teke snarvegar, som det har vore gode grunnar til å prosedere på. Ikkje minst gjeld dette internasjonale avtalar, som etter tur har vore plasserte på sidelinja.

Mellom vindkraftmotstandarane har dette synt seg å bli ein kostbar sport, både for einskildpersonar og organisasjonar. Utbyggjarane har hatt råd til å bruke dei dyraste advokatane, noko som har gitt ein ekstra baksmell når sakskostnadene som ein regel har kome på toppen av tapet i rettssalen.

Etter ein høgsterettsdom, der sterke økonomiske og politiske interesser for ein gongs skuld måtte vike, ser alle skeptikarar til ei, i omfang, historisk nedbygging av norsk natur, at all motstand frå første dag har vore nyttelaus. Ein kunne ha spart seg alt strev og alle utlegg dersom styringsverket vårt hadde sagt ifrå med det same, at avgjerder i rettsapparatet som går i utbyggjarane sin disfavør, uansett ikkje vil bli tekne til følgje!

Det er, og har vore, mykje trist i desse sakene. Ikkje minst i ettertid ser me kor gale det har gått; at vindkraft slett ikkje er løysinga på alle problem, men tvert imot utgjer sjølve kjernen i ein katastrofe som i dag råkar landet vårt på fleire plan, ikkje minst på energifronten.

Lars Longva

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!