Med hjartet på rette staden

Sunnmørsposten er blitt kritisert fordi vi på leiarplass kjempar for sjukehustilbodet på Sunnmøre. Det er kritikk vi tek imot med glede.
Meninger

Mediedebatt. Fylkesordførar Tore O. Sandvik i Sør-Trøndelag refsa Sunnmørsposten i ein blogg på internett, og hevda at det var tøvete å skrive om "trønderran". Kritikken vart følgd opp på styremøtet i Helse Midt-Norge, der eit styremedlem samanlikna Sunnmørsposten med China Daily. Det som har fått trønderpolitikarane til å reagere er ein leiarartikkel der det står at kostnadene med rente og avdrag på det nye St. Olavs hospital er blitt så høge, at det ruinerer økonomien i det regionale helseføretaket, og går utover lova prosjekt i andre fylke. Dette blir kalla trønderranet. Oppgåve. Fylkesordførar Tore O. Sandvik vil at avisa skal be om orsaking. Men Sunnmørsposten har ingenting å orsake i denne samanheng. Tvert imot er det avisa si oppgåve å passe på at pengesluket i Trøndelag ikkje går utover sjukehustilbodet i Møre og Romsdal. Det vil vi halde fram med å gjere. Og det er heilt i orden at fylkesordføraren i Sør-Trøndelag misliker dette. Stemme. Sunnmørsposten har på leiarplass alltid kjempa for interessene til folk som bur på Sunnmøre og Nordvestlandet, anten det handlar om sjukehustilbod, samferdsel eller næringsutvikling. Denne regionen, som frå Oslo blir sett på som ein utkant mellom Trondheim og Bergen, har behov for ei stemme som blir høyrt i sentrale maktkorridorar. Historia er full av døme på at avisa har spelt ei rolle når offentlege midlar skal fordelast. Veg og flyplass. Sunnmørsposten har til dømes fått litt av æra for at Strynefjellsvegen vart realisert. I sine leiarartiklar argumenterte Sverre Barstad for vegprosjektet, og gav aldri opp. Det blir vidare hevda at leiarartiklane til Hans Stette medverka til at dagens flyplass ligg på Vigra og ikkje på Gossen. Fylkestinget gjekk nemleg inn for å leggje flyplassen til Gossen. På leiarplass i Sunnmørsposten skreiv Stette at det ikkje var fylket som skulle ut å flyge, men folk. Og det var på Sunnmøre det budde mest folk i fylket. Ålesund kommune tok initiativ, og forskotterte flyplass på Vigra. Helsetilbod. Sunnmørsposten var også pådrivar for at sjukehuset i Ålesund fekk status som sentralsjukehus, og har seinare kjempa for at folk i området skal få eit godt helsetilbod. Nett no er det ny barneavdeling i Ålesund som er mest aktuelt. Vi vil følgje med til politikarane held det dei har lova. Glimrande. I snart 30 år er det politisk redaktør Harald Kjølås som har skrive dei fleste leiarartiklane i Sunnmørsposten. Han er ein av Norges beste og mest kunnskapsrike politiske kommentatorar, og har på ein glimrande måte gitt uttrykk for avisa sitt syn. Det som står på leiarplass står avisa inne for. Difor skal kritikk av leiarartiklar rettast mot ansvarleg redaktør. Sakleg og balansert. Like viktig som at vi på leiarplass tek standpunkt og er patriotiske, er det at vi på nyhende- og reportasjeplass er upartiske, saklege, balanserte og faktaorienterte. Vi legg vinn på å få fram alle sider ved ei sak. Patriotisme på leiarplass skal aldri føre til at vi sviktar vår funksjon som kritisk korrektiv. I alt journalistisk arbeid legg vi vekt på å vere grundige og truverdige, slik at lesarane kan stole på den informasjonen vi bringer. Samde om skeivfordeling. Trass usemje med fylkesordføraren i Sør-Trøndelag når det gjeld kostnadene ved St. Olavs hospital, så er vi heilt einige med han når det gjeld skeivfordelinga av helsekroner mellom Austlandet og resten av landet. Eit utval har slått fast at til dømes Helse Midt-Norge får 350 millionar kroner for lite i året. Fylkesordførar Tore O. Sandvik har saman med alle dei andre fylkesordførarane langs kysten sendt brev til regjeringa der dei krev at skeivfordelinga blir retta opp. Det er eit godt initiativ. Fylkesordførarane meiner dessutan det er forstemmande å sjå kor lite spalteplass og sendetid dette dokumenterte misforholdet får i nasjonale media, samanlikna med til dømes striden om sjukehotellet ved Rikshospitalet, som hadde eit mindre omfang. Men slik er det: Regionaviser. Mediebedriftene som held til i Oslo, bryr seg først og fremst om det som vedkjem folk som bur på Austlandet. Difor er det behov for sterke regionaviser langs kysten som har eit anna perspektiv. Og Sunnmørsposten sitt hjarte bankar for Sunnmøre og Nordvestlandet.