Debattsidene blir viktigare

KOMMENTAR: Debattsidene både på papir og nett blir stendig viktigare våpen i konkurransen om lesarane.
Meninger

Når nordmenn vil ytre seg om eit tema som opptar dei, skriv 55 prosent av dei i lokal- eller regionavisa dei soknar til. Den nest mest populære ytringskanalen er nettavisene, og for dei yngste aldersgruppene er nettavisene alt nå dei mest populære. Det viser ei gransking som er utført på oppdrag frå MandagMorgen. Blant mediefolk er oppfatninga at deltaking skaper lojalitet. Brukarar som bidrar med debattinnlegg, investerer tid og engasjement. I dag er det knappe gode. Det er nettopp konkurransen om mediebrukarane si merksemd som blir stendig tøffare, og av same grunn vil debattsidene få ein viktigare strategisk posisjon i medieutviklinga. I dag er det slik at det er debattar på papir som har gjennomslagskraft, og når folk vil ha gjennomført noko eller protestert på noko, så er det lokal- og regionavisene sine debattsider dei vender seg til. Desse debattsidene er lojalitetsbyggande, og ein ser nå fleire døme på at riksmedia og til og med den globale giganten Google prøver seg på å legge til rette for lokal debatt på nett. Så langt har ikkje det vore ein suksess, men internett og nettdebatten har gjort at lokal- og regionavisene ikkje lenger kan stole på å kunne ha debattsiden for seg sjølv.Useriøs nettdebatt. Hittil har debattene på avisene sine nettsider hatt eit rykte på seg som useriøse. Debattane Har vore prega av mange anonyme innlegg, og ofte med grove skuldingar mot namngitte personar. Professor Eli Skogerbø ved Universitetet i Oslo har saman med Marte Winswold gjennomført eit forskingsprosjekt om IKT og lokaldemokratiet, der dei fann at nettdebattane var vesentleg betre enn ryktet sitt. Dei gjennomførte ei innholdsanalyse av 900 nettinnlegg på sidene til Stavanger Aftenblad og Drammens Tidende, og fann at berre ni prosent av nettinnlegga kunne kallast udemokratiske og sjikanøse. Vi er med andre ord vitne til at det er dei få som øydelegg ryktet til dei mange. Bjørnebye-saka. På det siste møtet i Pressens Faglige Utval (PFU) vart avisa Agderposten felt for å ha brakt vidare på trykk sex-sjikanerande rykte om den tidlegare Start-trenaren Stig Inge Bjørneby som var henta frå eit anonymt lesarinnlegg på Fædrelandsvennens nettsider. Agderposten la seg med ein gong flat, og sa seg lei for å ha brakt vidare den grunnlausessladderen, men vart likevel dømt. PFU understrekar at redaktøransvaret omfattar alt som står på trykk eller blir kringkasta, og det gjeld også alt som blir publisert på avisene sine nettsider. Etter dette er det all grunn til å tru at debatten på medias nettsider vil få skjerpa overvaking. Fleire aviser er i ferd med å innføre ordningar som krev at dei personar som vil skrive på nettsidene, må identifisere seg, slik dei må når dei vil ytre seg i papiravisene. Det vil med ein gong luke ut verstingane, men utan at det treng å svekke temperaturen i debatten. Anarki på nettet. Hittil har debattane på nettet hatt eit visst preg av anarki, og det har i stor grad vore ein debatt mellom personar som ikkje identifiserer seg. Redaktøransvaret har gått ut på å følgje med på innlegg som alt er publisert. Nokre nettaviser har også delegert redaktøransvaret så langt at det blir reagert mot eit lesarinnlegg berre dersom tre-fire andre lesarar reagerer. Nå ber altså PFU om skjerpa rutiner, og det vil kome. Dermed vil også nettdebattane få auka prestisje og også større gjennomslagskraft. På nettet kjem vi til å få tematisk redigerte debattar, og granskinga til Skogerbø og Winsvold viser at slik redigering skaper større interesse hos lesarane. Andre aktørar. Nettet er for alle, og avisene sine nettsider har på ingen måte monopol på mieningsytringar. Det finst eit utal nettfora, og i undersøkinga som MandagMorgen gjennomførte seier 25 prosent av dei spurte at dei ytrar seg på debattsider og bloggar som ikkje tilhøyrer aviser eller andre media. Blant 18-29 år svarer heile 48 prosent dette, og den suksessen som den amerikanske nettstaden Facebook hadde på berre nokre månader i fjor, viser at framleis er det slik at nye aktørar som greier å markere seg, kan gjere suksess på nettet. Problemet er å få markert seg i det mylderet som nettet representerar. I så måte er lokal- og regionalmedia heldig stilt fordi dei gjennom år har skapt ein lojalitet til ein lesarskare, og i kraft av det også har gjennomslagskraft. Det er ikkje minst viktig for den som vil ytre seg om noko med det formål å få nokon til å forstå og aller helst også å endre meining.