CO2-gassen, den store klimasynderen?

Det er 50 ganger meir CO2 i havet enn i atmosfæren. Henrys lov sier at havet vil tilstrebe likevekt mellom CO2 i havet og CO2 i lufta over havet. I praksis betyr dette at havet avgir CO2 til lufta når havtemperaturen stig og omvendt. Dei viktigaste grunnlaga for klimaprofetane sin klimamodell er tufta på at menneskeutslepp av CO2 blei akkumulert i atmosfæren, altså i strid med Henrys lov. Dessutan at den globale temperaturen stig i takt med CO2-utsleppa. Det omvendt er nærmare sanninga.
Meninger

Det er 50 ganger meir CO2 i havet enn i atmosfæren. Henrys lov sier at havet vil tilstrebe likevekt mellom CO2 i havet og CO2 i lufta over havet. I praksis betyr dette at havet avgir CO2 til lufta når havtemperaturen stig og omvendt. Dei viktigaste grunnlaga for klimaprofetane sin klimamodell er tufta på at menneskeutslepp av CO2 blei akkumulert i atmosfæren, altså i strid med Henrys lov. Dessutan at den globale temperaturen stig i takt med CO2-utsleppa. Det omvendt er nærmare sanninga. I 100 år etter den vesle istida auka lufttemperaturen fleire grader frå 1830 til 1930. Å varme opp havet går mykje treigare. Temperaturen steig 0,7 grader, og dermed steig CO2-innhaldet i lufta, altså som ein indirekte følgje av auken i lufttemperaturen, og ikkje omvendt. Og i samsvar med Henrys lov. Eg har teke med eitt døme (av mange) som viser den lettvinte omgangen med CO2-problematikken. Sitat er henta frå innlegg i Dagbladet av professor i meterologi, Sigbjørn Grønås; "Det totale utslippet i verden øker for tiden med to prosent i året, og globale temperaturer har økt med 0,6 grader de siste 30 åra som følge av dette." Den siste setninga er patetisk og viser at CO2-hatarane er i beit for holdbare argument. Viss han i staden for 30 år går 70 år tilbake, har vi ikkje hatt temperaturauke i det heile. I same tidsintervall har vi hatt ein sterk auke i menneskeskapt CO2-utslipp. Dette viser at den tvilsame drivhushypotesen i alle høve er ueigna i klimadebatten. Det er også tydeleg at professoren ikkje godtek Henrys lov. Ein liten auke av CO2 i lufta vil føre til auka plantevekst og dermed betring av miljøet på jorda og demping av ekstremver. Eg er derfor heilt samd med sluttorda til professoren; "Nå må alle parter gå i seg selv, legge bort det gamle, tenke nytt og vise det mot vi skylder våre etterkommere." Ønskjer du sakleg informasjon vil eg tilrå at du les innlegg/kronikk av biolog Per Engene m.a i Sunnmørsposten – prengeneo et nline.no

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Meninger