«Å sette problem under debatt»

Svar på Per Jan Vinjes innlegg i Sunnmørsposten, 31.08.04.Eg har ingen problemer med å forstå at uttalelsane eg kom med i samband med HaDetFestivalen i august kunne oppfattast som provoserande. Dette var også ein del av intensjonen, for eg saknar ein levande debatt om kulturlivet i Ålesund. Eg meiner i motsetnad til Per Jan Vinje at det er flott at Sunnmørsposten trykker slike friske påstandar for å sette problem under debatt
Meninger

TilsvarSvar på Per Jan Vinjes innlegg i Sunnmørsposten, 31.08.04.Eg har ingen problemer med å forstå at uttalelsane eg kom med i samband med HaDetFestivalen i august kunne oppfattast som provoserande. Dette var også ein del av intensjonen, for eg saknar ein levande debatt om kulturlivet i Ålesund. Eg meiner i motsetnad til Per Jan Vinje at det er flott at Sunnmørsposten trykker slike friske påstandar for å sette problem under debatt. Eg har ikkje noko behov for å "promotere min egen innsats ved å betegne andre som inkompetente og tiltaksløse", men eg skjønnar at det kan oppfattast slik sidan uttalelsane kom i forbindelse med eit arrangement eg var med på å arrangere. I løpet av intervjuet angående HaDetFestivalen kom vi inn på ein lengre diskusjon om kultursektoren i Ålesund kommune som dessverre ikkje kom på trykk anna enn det isolerte utsagnet, og eg føler derfor det er på sin plass med ei forklaring på kvifor ting blei sett slik på spissen. I innlegget ramser Vinje opp ei lang liste over kulturelle tilbod, i alt frå barnehagar til eldresenter. Og det er ikkje tvil om at kultursektoren gjer mykje bra, men ein viktig del verker å havne litt i bakleksa; satsinga på ungdomskultur. Ein har i mange år hatt fritidsklubbar i kommunen, som sikkert til ein viss grad dekkjer et behov. Men for eit par år sidan vedtok bystyret at det skulle etablerast eit allaktivitetshus. Omtrent samtidig vedtok samme bystyre at ein ikkje hadde pengar til eit slikt hus, og det blei heller ikkje sagt noko om korleis ein på sikt skulle skaffe desse pengane slik at vedtaket om allaktivitetshus blei følgt. Det blei så vidt eg kan hugse bevilga kr 200 000,- til utredning av alternativet i Nedre Strandgate 15, men kva resulterte desse pengane i? Eg har fleire ganger den siste tida sendt forespørsler til Per Jan Vinje der eg etterlyser framdrift på dette området, men Vinje verkar ikkje interessert i å svare. Alle verkar å vere skjønt einige om at et allktivitetshus er en strålende ide, men det verkar ikkje som det føreligg planer for at det skal bli en realitet. Vinje skriv også at satsinga på ungdomskultur har eit rusførebyggande formål. Har ungdomskulturen ingen egenverdi, anna enn å halde ungdom vekke frå gata? Det blir omtrent like søkt som å seie at vi støtter Ålesund Symfoniorkester for å hindre at 50-åringane ikkje sit heime og drikk. Det er ei stor endring i ungdomskulturen generelt i dag samanlikna med for ti år sidan. Kvifor ser ikkje kultursektoren i Ålesund dette og tar det på alvor, for eksempel ved å ta initiativet til en skatehall i Ålesund sentrum? GUNNAR ROGNEOslo