Bakgrunn:

Volda, Brunvoll og dei lange historiske linene

Det er historisk sus over eigarskiftet i den største industribedrifta i Volda.

Eigarbesøk: Adm.dir. Odd Tore Finnøy i Brunvoll (t.v.) og styreleiar Arthur Brunvoll i Brunvoll (t.h) kom til Scana Volda som nye eigarar. I midten adm.dir. Hallvard Pettersen ved Scana Volda. 

Bakgrunn

I 1913 kom Laurits Finnøy til Volda saman med kameraten for å starte motorfabrikk. Laurits Finnøy hadde gått i lære hos Nils Finnøy i Romsdal. Det same gjorde Andreas Brunvoll, som starta for seg sjølv med Brunvoll motorfabrikk i 1912.