Havet har skapt nasjonen. Det er fortida, og det er framtida.

Vi på Nordvestlandet har skjønt dette lenge. Det er meir uklart kva dei meir urbane delane av landet har skjønt. Difor var det nok fornuftig prioritering å sende statsminister og statrådar til andre stadar enn Sunnmøre for å promotere dokumentet «Ny vekst, stolt historie. Regjeringens havstrategi.»

Les saken: Regjeringen la fram havstrategi

Store ord

Her kan vi lese at: «Regjeringens målsetting er at Norge i fremtiden skal bli verdens fremste havnasjon. Dette skal vi oppnå ved å legge til rette for blå vekst, gjennom grønn omstilling.»

Eller for å ta den tabloide kortversjonen til Høgre sin stortingsrepresentant Helge Orten: «Vi skal gå frå robåt til robot.»

På vegner av regjeringa lova han å jobbe for gode rammevilkår, leggje til rette for auka kunnskaps- og teknologiutvikling og styrkje den internasjonale konkurransekrafta.

Ikkje så grensesprengande kanskje, men Orten og kollega Oskar Grimstad (Frp) forsikra at «dette var den første heilskaplege samla strategien» for ei havsatsing.

I smørauget

Begge peika på at Møre og Romsdal «har alt som skal til for å lukkast i denne satsinga».

Det same gjorde ein av trønderane i selskapet, tidlegare administrerande direktør i SINTEF Fiskeri og Havbruk (no SINTEF Ocean), Karl Almås.

– Møre og Romsdal er midt i smørauget, sa Almås, som for fem år sidan la fram ein rapport som konkluderte med at verdiskapinga i marin sektor kan seksdoblast fram til 2050.

Vi fiskar ikkje meir fisk enn før. Og i fjor gjekk produksjonen av oppdrettslaks ned i Norge, for første gong på mange år.

Vi må finne nye ressursar i havet, helst også på havbotnen. Og vi må finne nye måtar å utnytte ressursane på. Og vi må finne metodar som gjer at vi kan oppdrette laks, og helst nye artar også, utan at det skaper miljøproblem.

Miljø

Vi må løyse miljøproblema i sjølve havet også. Før det er for seint.

I det siste har vi fått auga opp for problema som plastavfall skaper. Dette er berre ein av truslane mot livet i havet.

«Kunnskapen om bærekraftig forvaltning og ressursutnytting fra havet er i seg selv en eksportartikkel. Målet er at Norge blir havnasjonen som verden ser til», står det havstrategi-dokumentet.

Det er mange store ord. Store ord er det vanskeleg å leve av. Men det er alvor bak orda. Nasjonen treng nye arbeidsplassar, nye eksportinntekter og grøn omstilling.

Det blir ein tøff jobb, men nokon må gjere den. No har regjeringa peika på oss. Vi som har «fengje» vår heim mellom bakkar og berg. Ut med havet.