Ei viktig årsak til at det vart slik låg nok i etableringa av Venstre-avisa Sunnmørsposten i 1882.

Avisa vart etablert fordi venstrefolk ikkje fekk innlegg på trykk i byens høgreaviser.

Det blir fortalt at den første redaktøren gjekk med avisbunken under frakken, og bydde avisa fram berre til dei han var sikre på sympatiserte med det nystarta Venstre-partiet, av frykt for å få bank.

Det var med andre ord ytringsfridom som låg til grunn for etableringa, men som politisk maktfaktor stod ikkje Sunnmørsposten fram før vigringen Ivar Flem vart redaktør og aviseigar i 1894.

Han var filolog og kom frå posten som huslærar på Aulestad for Bjørnstjerne Bjørnson si dotter Dagny. Han sat som redaktør til 1946, då sønene Dagfinn og Magne tok over.

Ivar Flem var den første her i landet som innførte forskotsbetalt abonnement, og på sparsommelege sunnmøringar var det eit særs dristig eksperiment, men det vart suksess fordi sunnmøringane meinte dei fekk valuta for pengane.

Det kvilte både age og kjærleik over det kallenamnet som avisa fekk: «Vigrabibelen». Det hadde samanheng med at Ivar Flem kom frå Vigra, men også at folk hadde tiltru til det som stod i avisa.

I dag blir avisa kalla «Sumpen», eit namn for å spare tid, som er vår tids mangelvare.

Etter bybrannen i 1904 kom Sunnmørsposten raskt i gang att, og voks på få år til å bli den største avisa mellom Bergen og Trondheim.

Framleis var det Venstre-sakene som vart løfta fram, men dess fleire abonnentar avisa fekk, dess breiare i det politiske landskapet måtte avisa dekke.

Både Ivar Flem og sønene Dagfinn og Magne sat som representantar for Venstre i bystyret.

Dagfinn var også ordførar frå 1958 til 1965 samtidig med at han var redaktør.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

I partipressa si tid var slike kombinasjonar nokså vanleg i heile landet.

Det sunnmørske lynnet var nok i tidlegare tider sterkt prega av ideala frå haugianismen. Hans Nielsen Hauge hadde mange støttespelarar på Sunnmøre, og den protestantiske etikken som han preika, som handla om at hardt arbeid og materiell suksess på jorda ville få si løn i Himmelen, slo godt an i denne landsdelen.

Mange av dei fremste industribyggarane var då også faste gjester på Bedehuset. Ikkje minst med oppbakking frå avisa vart Venstre eit stort parti også utover bygdene, men der var nok Bondepartiet større, og i dei industrialiserte bygde-byane var det Venstre og Arbeidarpartiet som kriga om makta.

Høgre var eit lite parti på Sunnmøre heilt fram til den sokalla høgrebølgja slo innover land i 1977.

Før den tid visste dei godt på bygdene kven dei få høgrefolka var.

Folkerøystinga om EF i 1972 og splittinga av Venstre, gjorde at mange venstrefolk fann seg andre parti, og då først og fremst Høgre.

Den gamle Venstre-bastionen Sunnmøre skifta ham. Frå kommunevalet i 1967 til kommunevalet i 1975 fall oppslutninga til Venstre på Sunnmøre frå 18,3 prosent og ned til 10,4 prosent, men trass i dette så har Venstre heile tida hatt ei høgare oppslutning i denne landsdelen enn på landsplan. Det finst framleis restar av den gamle motkulturen.

Høgrebølgja på Sunnmøre varte fram til folkerøystinga i EU i 1994, og i 1997 tok Frp-bølgja over.

Ved det valet fekk Frp over 20.000 veljarar i Møre og Romsdal og fekk inn to representantar på Stortinget, og var det største partiet fram til 2009 då Ap tok over.