Sjølv meiner eg det er dei som er sjølvmotseiande når dei kallar kapitalismen ei positiv kraft og på same tid skriv at ein føresetnad er «et demokratisk og velfungerende styresett, selvstendige institusjoner og en sunn og rettferdig maktfordeling». Er slike styresett å finne overalt på kloden? Og kor positiv er kapitalismen der dette ikkje er på plass?

Det eg lot meg provosere av i den første artikkelen, er denne framstillinga av kapitalismen som positiv samtidig som verda er full av eksempel på det som ofte blir kalla rovdyrskapitalisme, der «dei sterke» får utbytte «dei svake». I tillegg har systemet sin unektelege effektivitet i dei siste tiåra hatt som effekt å stimulere til eit voldsomt (luksus)forbruk i dei rike landa og dermed overforbruke naturressursar og ikkje minst gjere det vanskeleg i desse dagar å få kontroll på forurensing, global oppvarming og øydelegging av naturmangfald. I tilsvaret sitt viser også artikkelforfattarane rett nok «bekymring for uhemmet profittjag», men ser ut til å frikjenne kapitalismen si rolle i det som er negativt, ved å gjere slikt til eit «moralsk ansvar menneskelige beslutningtakere har».

Det er vel ingen som nektar for at kapitalismen er eit kraftfullt økonomisk system. Med element i seg som har fungert som aksellererande virkemiddel på økonomisk aktivitet og dermed «har bidratt til å få millioner av mennesker ut av fattigdom». Truleg er det denne aksellerande krafta i kapitalismen som artikkelforfattarane kallar ei «positiv kraft»? Men for meg blir det eit paradoks at dei så lettvint forbigår brutaliteten dette økonomiske systemet har utvikla, sjølv om dei også noterer at «vi trenger selvsagt også et lovverk, demokratiske institusjoner og ikkje minst mennesker som tar gode etiske val for å sikre et rettferdig og bærekraftig samfunn».

Dei nemner at «vi har fleire historiske eksempler på en meir sosial form for kapitalisme som forener finansielle og samfunnsbyggende perspektiver». Slike eksempel (ref Hans Nielsen Hauge) blir dessverre mindre relevante i dag når kapitalismen sidan då har utvikla seg til eit globalt, og langt meir ukontrollerbart system enn det var i startfasen. Det vi har nok av eksempel på i dag, er bedrifter som blir «slakta» dersom dei tar «for mykje» omsyn til det sosiale og samfunnsbyggande og gjerne blir flytta til lavkostland der kapitalismen ikkje blir plaga med slike profittreduserande omsyn.

Hunnes og Liland skriv til slutt at «det er ingen, heller ikke Tarberg, som så langt har klart å komme opp med et velfungerende alternativ til kapitalismen». Til det er å seie at fleire interessante forsøk effektivt har blitt hindra av brutal sabotasje frå utlandet, gjennom økonomisk boikott og det som verre er. Men elles forundrar det meg at dei brukar kapitalisme også om ulike former for blandingsøkonomi. «Blandingsøkonomi» er tross alt oftast brukt om ei blanding av kapitalisme og ei meir balanserande, offentleg styring av økonomien. Ein modell det er behov for nettopp fordi kapitalismen si kraft slett ikkje er så eintydig positiv. Når det gjeld sjølve kapitalismen så finns det meir enn nok stygge eksempel på kva det systemet også kan føre med seg, til at den ikkje fortener stempelet «positiv kraft». Det trollet må faktisk temjast.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!