Mange slit med valets kvalar no når det lir mot valdagen. Det er mange spørsmål som kvernar rundt, og det er mange omsyn å ta. Det er ikkje så lett å ta ei avgjerd, når ein veit at vi går inn i ei tid med store omveltingar. Framtida kjennest uviss, og vi veit at valet vi no tek er med på å påverke kva retning vår kommune vil ta framover. Ja, det er rett. Ansvaret er stort når ein går til urnene.

Men det er eit viktig ansvar å ta. For oss som har stilt oss til hogg for å arbeide for eit betre Vanylven er det viktig at alle bidreg det dei kan, og bidra kan ein gjere ved å ta turen til vallokalet måndag den 14. september. Å velje å stemme er det rette valet. Vi i Vanylven Venstre vonar vi kan få di stemme i år, først og fremst for dei gode sakene, men også fordi vi har så mange dyktige og engasjerte listekandidatar, som brenn for Vanylven og for vanylvingane. Vi vonar å få inn ungdomar til nytt kommunestyre, og vi meiner det er på høg tid å sleppe kvinnene til, for å ta avgjerder i neste fire åra.

På Venstre si liste har vi ivrige ungdomar, og vi har 50-/50 % av kvinner og menn, og det er opp til deg å bestemme kven av desse du vil ha inn, ved å bruke retten din til å sette kryss – kumulere – dei kandidatane du ynskjer skal vere med å bestemme. Sist, men ikkje minst, vi stiller med kvinne på topp. Og det er du som no avgjer om Vanylven omsider skal få ein kvinneleg ordførar.

Skal Venstre få ordføraren må du nytte Venstre si liste. Det er talet røystesetlar i urnene som avgjer om det er mogleg å få ei kvinne ved roret. Vi er sjølvsagt takksame for kvar einaste personstemme vi kan få til alle våre kandidatar, men det eit faktum at det er lista som gir oss mandat i kommunestyret, og det er bruk av lista vår som gir oss høve til å få forhandle om dei ulike posisjonane. Vi vil at det skal gå rett føre seg. Vi er opptekne av kva veljarane røyster, og vi vil ta omsyn til det når vi saman skal avgjere kven som blir ordførar etter valet.

Vi ynskjer oss ordførarposten, men vi treng di støtte for å få den, og i tillegg må dei andre partia stå bak oss for at dette skal bli ein realitet. Talet stemmer avgjer om dei andre støtter oss. Du må vere med å bestemme. Di røyst tel. Vi vonar den går til Venstre, og vi vonar at ei stemme til Venstre er det rette valet for deg.

LENA M. LANDSVERK SANDE

Ordførarkandidat Vanylven Venstre