Rett nok har det vore nokre elevar med nynorsk som hovudmål i den tidlegare kommunen, men talet har vore dalande. Dette er jo pussig med tanke på at svært mange er tilflyttarar frå kringliggande kommunar.

Ser vi nokre generasjonar attende ser ein at den store majoritet av notida sine ålesundarar har opphavet sitt frå nynorskland, og Ålesund var og er byen for heile regionen. Eg forstår ikkje kvifor det ikkje skulle være like beinkløyvd å bruke nynorsk for ålesundsfolk som for sunnmøringar elles.

Eg trur denne språkmotstanden faktisk er eit generelt kulturproblem, eller kall det gjerne eit haldningsproblem. Det vert poda inn i borna, og så blir det med vidare i livet frå eine generasjonen til neste. Resultatet er at det blir forfekta slik som no av kultursjefen i Ålesund. Kan det ligge noko form for nedarva kompleks her?

Kultursjefen i Ålesund vil altså ikkje skrive nynorsk (Smp. 13. sept.). Han ser heller ikkje føre seg å prøve, om eg forstår han rett.

Språk er jo i høgste grad kultur, og ein kultursjef på Sunnmøre bør med all respekt meistre dei begge målformer like godt. Hjelpemidla har heller aldri vore meir tilgjengelege enn no, dersom ein stussar på grammatikken.

Eg må seie det var litt påfallande at dette skulle kome frå ein kultursjef av alle, men må sjølvsagt ta atterhald dersom Oskar Skulstad har blitt feilsitert.

Ein leiar må være medviten det ansvaret han har når det gjeld å sende signal nedover i organisasjonen sin. Ser vi på det fonetiske i sunnmørsdialekten, og herunder ålesundsmålet, så er det i alle høve ikkje noko tvil, der høyrer vi heime i det vestnorske landskapet. Kryssar vi Ørskogfjellet, og ikkje minst om vi rundar Romsdalshalvøya og nærmar oss Nordmøre, så blir språket meir austnorsk, og der kan ein sånn sett sei at det kanskje kan være meir naturleg med bokmål.

Kvifor bør så tilsette i Ålesund kommune, med kultursjefen i spissen – og folk flest for den del – bruke nynorsk?

Det er rett og slett for å verne om den arven som det inneber å ha to skriftspråk. Det å smått om senn lære seg å like det, og sette pris på det språklege mangfaldet. For å verkeleg like det må ein bruke det.

Det å skrive nynorsk administrativt er med på å oppretthalde legitimiteten og eksistensen for målforma. Dette kan igjen vere med på å berge denne kulturarven. Så all honnør til politikarane som fatta eit medvite vedtak.

Hadde nynorsken vore ein fugl, eller eit anna utryddingstruga dyr, så hadde den vore på den raude lista for lenge sidan. Vi må lære oss å sjå på språket på same måte som andre verdiar som står under press. Etter mitt syn er det ikkje skilnad på om det til dømes gjeld uberørt natur, ein bygning, kunst eller i dette tilfellet nynorsken.

Men det er samstundes viktig å ikkje sjå på den som ein museumsgjenstand. Den held seg best i hevd ved bruk og fornuftig revisjon. Eg vil også få minne om at bokmål og nynorsk/landsmål har vore sidestilte som skriftspråk ved lov sidan 1885!

Er det forresten nokon som ikkje har forstått kva eg har skrive i dette innlegget?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!