Eg viser til brev av 3. januar 2019 frå diverse organisasjonar i Møre og Romsdal til Samferdselsdepartementet vedr. Møreaksen. Distriktssekretær Kari Hoset Ansnes ved LO Møre og Romsdal er ein av underskrivarane på brevet.Utdrag frå brevet: «Vi forventer at dette respekteres og at politiske myndigheter på alle nivåer bidrar til at Møreaksen nå kan realiseres snarest mulig, og at det ikke settes i gang nye tilleggsutredninger.»Dette har distriktssekretæren skrive under på eiga hand utan klargjering eller fullmakt frå medlemane eller andre i LO. Dette er eit grovt overtramp og misbruk av tillit. Det er berre to måtar å løyse dette på: Anten tilbakekallar ho underskrifta, eller så må dette tillitsbrotet få konsekvensar for henne. Det er utåleleg at ein stor del av LO-medlemane vert spelt ut over sidelina på denne måten. Løysinga er ikkje at desse medlemane melder seg ut av LO. Vi treng framleis sterke fagorganisasjonar som talar medlemane si sak, og som kan engasjere seg i viktige saker som fattigdom og dei aukande miljøtruslane vi står overfor. LO bør bidra til eit levande demokrati, og ikkje til eit forsøk på å hindre eit folkeleg krav om å belyse eit alternativ som Romsdalsaksen, som er svært godt grunngjeve, og som både økonomisk og bruksmessig verkar svært lovande.