I innlegget omtalar Hofseth kontraktane som Haram kommune (HK) var involvert i rundt Samfjordgårdane (SG) og tenestehuset i Brattvåg. Her kjem han med ei historieforteljing samt talmateriale som er heilt feil. Han omtalar også feilaktig HK sitt «leilegheitskjøp» i Samfjordgårdane.

I utbygginga av SG, kjøpte HK eigedom rundt prosjektet, ferdig utvikla for netto kostnad rundt 17 mill. Her var mellom anna inkludert eit mingleareal, der statuen «Arbeidaren» står, kai-promenade, gjestebrygger, pir, parkering og lys. Med dette sikra HK fri ferdsel på sjøsida for alle i all framtid. Det er eit stykke frå det til det Hofseth hevdar: «betalte HK ei rekning på om lag 20 mill., for grunnarbeida som høyrde til Samfjordgårdene».

Han skriv vidare: «HK kjøpte i tillegg fleire leilegheiter i SG for å sikre byggestart».

Det gjorde HK ikkje. Dei leigde fem leilegheiter, som dei seinare kjøpte ut, fordi dei hadde opsjon på å kjøpe dei til utropsprisen ved salsstart. HK selde seinare to av desse med god gevinst. Tre sitt dei på framleis.

Hofseth held fram: «Noverande leiekostnad på 13.300.000.»

Det er eit «hav» unna fakta. Tenestehuset hadde i 2016 ein årleg leigekostnad på 8.536.000 kr. I tillegg 78 innandørs parkeringsplassar på to plan til 10 000 kr/plass per år. Totalt 780.000 kr. Leigeprisen vert då om lag 2.100 kr/ m².

Netto leige 2020 regulert var 9.338.000 kr. Legg ein til parkeringsplassane og felleskostnadane er netto leige no indeksregulert til rundt 10.665.000 kr. Det er langt innanfor normal marknadsleige for ny næringseigedom/bygg denne avtalen vart gått inn på.

Når Hofset tek i bruk kraftsalvar som: «økonomiske fadeser av Haram Kommune», «den økonomiske fiaskoen i HK ifm Rådhuset i Brattvåg er ufatteleg» og «kva er det som foregår er det mulig å ha so liten økonomisk kontroll, så lite økonomisk forståelse», då tenker eg at både SMP og BB kanskje burde ha stoppa opp og gjort ein liten faktasjekk.

Til slutt ein kommentar til det sløret som vert lagt, om at vi som investorar i selskapa, også er involvert i leilegheitsbygg tiltenkt ved sida av eit eventuelt nytt badeanlegg i Brattvåg. Ingen av eigarane, styremedlemane eller selskapa sjølve er, eller har vore, involvert i dei planane på noko plan!