Landet har fått ei ny regjering. Det skapar forventing om ein ny politikk. Når det gjeld flyktning- og innvandringsfeltet ser det likevel ikkje ut som det blir store endringar samanlikna med den førre regjeringa sin politikk. Det er lite som tilseier ein meir solidarisk og rettssikker flyktningpolitikk slik vi i SV jobbar for.

No er det saka til Sabrin Muhammed Ali som vekker størst engasjement. Sabrin har to små barn som er norske statsborgarar. Når Noreg kastar ei mor ut av landet og lar to små barn misse det tryggaste dei har, då er det mange som reagerer. Alle foreldre kan sette seg inn i kor smertefullt det ville vere å reise frå to barn på 2 og 4 år og vite at ein ikkje får sjå dei igjen på fleire år. Klarer vi å sette oss inn i den smerta og risikoen dette vil vere for borna?

Utlendingsnemnda trur ikkje alltid på det menneske fortel. Dei som ikkje blir trudd og som får liva sine sett på vent, har ofte ikkje moglegheit til å bevise noko meir enn dei allereie har gjort. Tvilen kjem dei ikkje til gode. Derimot er det innvandringspolitiske omsyn som blir lagt til grunn for vedtak om utvising. Vi meiner det er i strid med lovar og reglar som gjeld barnet sitt beste, forankra i Grunnloven sin paragraf 104, i Utlendingsforskrifta og i Barnekonvensjonen.

I Hurdalsplattformen skriv regjeringa at ho vil «Sikre at barnets beste er et grunnleggende hensyn i behandlingen av asylsaker som berører barn». Vidare vil regjeringa «Gjennomgå praksis når det gjelder vurderinger av barnets beste for å sikre at det gjøres konkrete og individuelle vurderinger i hver enkelt sak». Når fleire barn – med norsk statsborgarskap – no likevel står i akutt fare for å misse sin primære omsorgsperson og familiar blir splitta, må politikarane på Stortinget ta grep. Det hastar! Det hastar for dei barna som står framfor traumet å misse mora si, ikkje til sjukdom eller død, men som ein konsekvens av ein medviten politikk frå norske myndigheiter. Desse barna kan ikkje vente, oppveksten deira er no!

  1. Møre og Romsdal SV krev at regjeringa straks set i gang med den varsla gjennomgangen av praksis på asylfeltet opp mot barnet sitt beste.

  2. Møre og Romsdal SV krev at saker som har konsekvensar for mindreårige barn blir utsette til det er gjennomført ein grundig gjennomgang av reglar og praksis i desse sakene.

  3. Møre og Romsdal SV krev at Sabrin Muhammed Ali får bli i Noreg.

Dagrun Vikesland,Fylkesstyret i Møre og Romsdal SV

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!