Det må sparast 255 mill. kroner berre i 2022 for å unngå at Ålesund kommune hamnar på Robek. Betre gjekk det ikkje to dagar etterpå då framlegg om ei brutal nedhøvling av planlagde investeringsprosjekt kom for dagen. Og Ikkje nok med det: No måndag 4.10. kom nyheita om eit stort overforbruk i inneverande år også.

Og tenk, inn i denne pengesluken har avkastning frå finansformua til gamle Haram bidratt med ca. 15–16 mill. kroner i 2020 og i det som til no allereie har bikka 30 mill. kroner så langt i 2021!

Tenk også over at både skulen på Eidet, samanbygginga av skulane på Haramsøya og ny barnehage i Tennfjordområdet hadde vore langt ute i byggeprosessen no i 2021 i samsvar med investeringstiltak og løyvingar i gamle Haram. Folkebadet i Brattvåg, som hadde løyvingar på om lag 44 mill. kroner allereie i 2020, var ferdigbehandla politisk og hadde også vore i byggegropa i dag.

Sjølv om åtvaringane heilt frå starten av mot gigantplanen Nye Ålesund var mange og sterke, vart det altså alt dette gamle Haram vart tvangssamanslått inn i, mot folkeviljen. Og det attpå til etter at prosessen alt var i gang og premissane langt på veg var lagde.

Det som skulle bli den økonomiske motoren mellom Bergen og Trondheim har vist seg å bli eit politisk tapsprosjekt og ein kollaps av dimensjonar som etter vårt syn no har ramma gamle Haram ekstra hardt. Nettopp det har Haram ut av Ålesund (HUAÅ) påpeikt i klare ordelag i lesarinnlegg og intervju før.

Oversikt og kontroll

Det var ikkje alt som var perfekt i Haram heller, men oversikt og kontroll på økonomien var på eit anna nivå og langt betre innarbeidd både administrativt og politisk her enn det som kan seiast om den nye storkommunen.

I 2020 og i 2021 har innsparingane og omleggingane vore svært merkbare på fleire tenesteområde. Men i 2022 MÅ det skjerast mykje meir – ein kvart milliard kroner – for å unngå at storkommunen vi vart tvinga inni skal hamne på Robek. Fungerande kommunedirektør Bente Glomset Vikhagen la fram eit anslag for rammevilkår neste år med innhenting» av 255 mill. kroner. I tillegg til innsparingar på vel 26,5 millionar på Kommunedirektørens staber, må ein «spare inn» eller «skjere» godt og vel 82 millionar innan helse-omsorg, godt og vel 54,5 millionar innan Velferd og sysselsetting og knapt 83 million kroner innan opplæring i 2022.

Spesielt vil innbyggarane i gamle Haram få merke den store forskjellen på det vi hadde og det vi no sit att med per dato og ikkje minst det vi kan sjå fram mot i 2022 og vidare fram så langt vi kan sjå.

Dette vil bety at det vert færre hender til å hjelpe dei som treng det mest og der behovet er aller størst! Fleire elevar per lærar, større skular, færre lærarar og assistentar, nye omorganiseringar og store kutt i spesialundervisningsressursen. Lista vil kome til å ligge mykje høgare for å få tildelt hjelp og tenester. Kommunalområda Helse og omsorg og Opplæring vil i løpet av 2022 verkeleg få merke sparekniven. Det vil for svært mange svi både pedagogisk og omsorgsmessig i kvardagen for dei som treng det mest både i skulen og innan helse-omsorg. Og kva med Ressurskrevjande brukarar, Butenester PU, Rus og NAV som i hovudsak ligg under Velferd og sysselsetting? Og endå verre vil det gå med idrett og kultur, noko Haram kommune også var god på. Her vil det bli lite eller ingenting igjen.

Måten dette no skal «fiksast på» osar av sentralisering av det meste.

Ingen hadde vel sett føre seg at det var denne kollapsen folk i gamle Haram skulle tvingast inn i og bli ein del av? Mot folkeviljen!

Ny modell

Etter eitt år og ni månader kjem det no også framlegg frå administrasjonen i storkommunen om at ein ny modell må leggast til grunn, der leiargruppa i administrasjonen skal reduserast, det må bli færre stabar, færre kommunalområde og færre kommunale verksemder. Det vil bli umogleg å nå måla om økonomi og nedbemanning utan å lage ein heilt ny struktur, vert det sagt. Dette vart det også åtvara mot før, utan å få det minste gehør.

Det vert derfor svært fortvilande for veldig mange innbyggarar i gamle Haram når ein no ser kva som er under oppsegling i Nye Ålesund. For dei fleste av oss er dette ikkje mindre enn ei rasering av godt utbygde tenester, planlagde byggeprosjekt og framtidsretta politisk tankegang.

Og kva med gamle Ålesund sitt store vedlikehaldsetterslep og den økonomiske risikoen som ligg der? Eller planane om utbyggingane på Kvasneset?

HUAÅ meiner dessutan at det er på sin plass å igjen minne folk frå gamle Haram om kva gamlekommunen vår yter ekstra økonomisk med inn til storkommunen. Avkastinga av finansformua til Haram tilførte storkommunen om lag 15 – 16 mill. kroner i 2020. Sandøy og Haram sine finansformuer er samanslåtte, og Haram sin del av avkastninga kan såleis ikkje lesast av direkte lenger. Likevel kan ein så langt i 2021 grovt rekne Haram sin andel av finansformua (ca. 270 mill. kroner), med avkastning allereie til no i år på ca. 11 %, altså om lag til 30 mill. kroner.

No går desse pengane inn til eit fellesskap som vi ikkje ville bli ein del av. Tenk over det.

HUAÅ registrerer at den nye kommunedirektøren, Jon Steven Hasseldal, meiner det er uklokt om Haram går ut av Ålesund no og manar til tolmod og ber om meir tid.

Men for folk i gamle Haram kjem det ikkje ei seinare moglegheit for lausriving for å kome seg ut av galskapen. Det er no eller aldri og det veit alle!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!