Ole G. Steen, leiar av PDK MR, set fram ein del påstandar eg gjerne vil om mogleg ha avklara.

De Kristne vart stifta av fotballagent Terje Simonsen i 2011. I eit møte med Gud i naustet, ba Gud han stifte eit parti der Simonsen skulle vere konge. «Eg er overbevist om at israelsfolket og kristenfolket vil føre dette partiet inn i Storting og regjering», roper partisekretær Terje Simonsen på De Kristnes første landsmøte. (VL 2013). Ikkje før var partiet stifta før han tykje tok kontroll og skapte full krig i leiinga.

På landsmøtet 2014 vart det køyrt nonstop film om Noah si Ark, og ei øskje med Sodoma Gomorra svovel var utstilt på eit bord. Terje Simonsen forsikra deltakarane om at Gud sin lovnad stod ved makt. Men valresultata seier: 2011 to kommunestyrerepresentantar, 2013 stortingsval 0,6 %, 2015 K 0,3 % / F 0,5 %. 2017 St.valg 0,3 %. 2019 K 0,4 / F 0,6. 2021 St.valg 0,4.

Spm 1: Har Ole G. Steen noko formeining om kvifor Gud kommanderte Simonsen til å velsigne det norske politiske landskapet med nok ein vits?

Steen: «Vi vil no stå opp for kristen tradisjon for rett og gale»

Ein kan peike på mange hårreisande kristne tradisjonar utan å ty til heksebrenning. Norsk straffelov (1687–1845) inneheldt fylgjande «Hvem som overbevises at hage lastet Gud, eller bespottet hans hellige Navn, Ord og Sacramenter, hannem skal Tungen levendis af hans Mund udskæris, dernæst hans Hoved afslais og tillige med Tungen sættis paa en Stage.»

Spm 2: Der er ein del jævlige valdsmetodar i menneska si verktøykasse. Kan Steen nemne ein einaste som kristne ikkje har nytta mot sine medmenneske?

Spm 3: Gode kristne verdiar. Kan Steen peike på ein einaste høgverdig verdi som er unikt kristen?

Sist Stortinget leita etter ein person med såpass plettfri vandel at han kunne nyttast til Stortingspresident, måtte dei ty til ein person med framandkulturell bakgrunn.

Til slutt vil eg oppfordre Ole G. Steen og hans partifellar om å slutte med å hetse medmenneske som ikkje deler deira syn i eitt og alt. Ser dei ikkje korleis dette skadar det norske samfunnet?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!