Stortinget har bestemt at det skal gjennomførast ei kommunereform. Kommunane er bedt om sjølve å foreslå kven dei evt skal slå seg saman med til ei større kommune.

Det er uklart kva som skal bli fordelane med dette. Stortingsfleirtalet meiner det sikkert godt når dei har tru på at store kommunar gir sterkare fagmiljø og styrker lokaldemokratiet. Begge deler er ei tvilsam effekt av å bli ei storkommune. Undersøkingar i folket i Norge i dag viser at det er størst tilfredsheit med dei kommunale tenestene i dei mindre kommunane. Dette gjeld pleie, omsorg, skule og oppvekst som saman representerer 80 % av dei kommunale utgiftene. I dei største kommunane er folk gjennomgåande misfornøgde.

Vi har hittil ikkje fått garantiar for at ei samanslåing vil tene folket på ein betre måte enn i dag. Det er ikkje lagt inn lovnader om betre økonomi. Det er ikkje gitt garantiar om at nærleiken til dei servicefunksjonane i kommunen som folk er avhengig av skal vere den same som i dag. Det er heller ikkje gitt garanti for at lokaldemokratiet /nærdemokratiet i kommunen etter ei eventuell samanslåing skal vere på same nivå som i dag.

Garantiar får vi sjeldan i politikken. Ut frå det vi veit til dags dato må ei kommunereform kallast eit stort eksperiment. Når det gjeld Haram kommune kan vi like godt kaste krone og mynt når det gjeld fordelane eller bakdelane med å stå aleine eller saman med fleire kommunar i ei storkommune. Haram Venstre vil bidra til ein politikk som gjer at vi beheld dei goda vi har i kommunen framfor å vere med på eksperimentelle risikoprosjekt som ei storkommune utan garantiar kan bety.

Ei folkerøysting fører oss ikkje noko nærare ei avklaring på kva som er eit klokt val. Med så pass lite konkrete opplysningar i denne kommunereformplanen vil ei oponionsmeining bere preg av kjensler meir enn fornuftig resonnement ut frå fakta.Det ser ut som at dei sentrale styringsmaktene berre HÅPER at ei kommunereform, som ber preg av sentralisering, skal føre til at vi alle får det betre i framtida enn vi har det i dag …

Håpet er det siste vi menneske har, og det skal vi vere glade for …

OLE JOHAN HØYBERG

Leiar

Haram Venstre