Eller ikkje er noko å bry seg om. Det strir imot betre vitande. Det vitnar heller ikkje om kristen nestekjærleik. Inntrykket blir ikkje betre av at Listhaug og co. «set prislappen» på millionar av afghanarar som står i fare for å døy, til mindre enn det det kostar å sette opp ein medels einebustad i Noreg!

Det finst ingen garanti for at det utradisjonelle besøket vil gi resultat. Men eg meiner det er verdt å gi det ein sjanse. Mykje står på spel. Oppsida er enorm. Det handlar om å berge livet til millionar av menneske som er i akutt naud. Ikkje om å legitimere eit skrekkregime!

Det er eit ord som seier at «Undrenes tid er ikkje forbi». Det er meir enn eit munnheld! Kven skulle t.d. tru at det forhatte Apartheid regimet i Sør-Afrika let seg knekke. Og at offer og overgripar i etterkant kunne leve side om side i fredeleg sameksistens? Men eit under skjedde! Eksperimentet lukkast! Kvifor? Fordi framsynte og modige folk tenkte nytt. Steig ned frå pidestallen. Sette seg saman. For å diskutere. For å forstå kvarandre. Fort å dele tankar, opplevingar og kjensler.

Ein av vegvisarane i denne prosessen, var fredsaktivisten og biskopen Desmund Tuta. Då han nyleg gjekk ut av tida, vart han hylla av ei heil verd for innsatsen sin med å leie den banebrytande «Sannings- og forsoningskommisjonen». Der møttest offer og overgripar ansikt til ansikt og gjorde opp for uretten ein gong for alle.

Artikkelforfatter: Arne Sandnes sammen med Desmund Tutu. Foto: Privat

Denne mjuke afrikanske tilnærminga står i kontrast til den «vestlege metoden», som sigerherrane etter 2. verdskrigen valde. Deira tilnærming var den harde linja etter prinsippet «auge for auge – tann for tann», betre kjent som Nurnbergprosessane. Der var lov, dom og straff viktige element. Ikkje tilgiving og forsoning.

Kanskje har vi noko å lære av afrikanaren? Kvifor ikkje «snu det andre kinnet til», Sylvi? Det skjer noko der menneske møtest. Murar forvitrar, portnar blir opna, tillit blir bygd og frontar bli flytta. I tilfellet Taliban, kan berre ørsmå innrømmingar bety liv eller død for store folkegrupper. Ein prosess kan starte. Ei lita glo kan starte ein eld. Slik kan svart/kvitt bli til grått, og etter kvart grått bli til lyseblått. Håpet sin farge for eit hardt prøva folk.

Eg gir ros og full støtte til regjeringa som tør å prøve. Som våger å bryte med vestleg hardline-tradisjon basert på våpenmakt. Bryte med ein strategi som alt har spela fallitt i Afghanistan. Eg støttar ei regjering som ikkje kastar korta. Ei regjering som set prestisje til sides og vel ei mjukare tilnærming. Eit tilnærming som er forankra i dialog, toleranse, tilgiving og forsoning. Ein strategi som kan vise til resultat frå mellom anna Sør-Afrika. Eg er ein stor beundrar av Desmund Tutu, og eg trur at hans ikkjevalds linje er verdt å prøve i dette tilfellet og.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!